Verksemdsstrategi for kriminalomsorga 2021–2026

- Strategien gjev oss retning for framtida. Han vil hjelpe oss å løyse oppgåvene våre på ein systematisk og heilskapleg måte, og byggjer på grundige analysar av etaten og det landskapet vi er i, sier Lise Sannerud, direktør for Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI). 

Forsiden av strategien
  • Han fortel kvar kriminalomsorga skal - og korleis ein skal skal kome dit. 
  • Han gjev svaret på kva mål kriminalomsorga skal nå. 
  • Han tek opp i seg tema som er viktige for den einskilde tilsette, som tryggleik og medråderett, omdømme, stoltheit og trivsel. 
  • Strategien vil bidra til ei betre kriminalomsorg.

Video om verksemdsstrategien

Visjon

«Straff som endrar» erstattar den mangeårige visjonen «Aktiv kriminalomsorg – tryggare samfunn».

Endringa ligg både i rehabilitering av den einskilde domfelte, men også hos kriminalomsorga som organisasjon.

Verdiar

  • Verdiane våre er førande for åtferda vår i kvardagen. 
  • Verdiane våre skildrar åtferd og handlingar som speglar vår kultur. 
  • Verdiane våre fortel kva som kjenneteiknar oss som medarbeidarar og organisasjon. 

Verdiane for kriminalomsorga er:

  • Openheit
  • Tryggleik
  • Nytenking

Mier om verdiane

Strategiområde

Strategien inneheld fem strategiske område for kriminalomsorga i framtida. Desse er:

  • Framtidsretta straffegjennomføring  
  • Tryggleik 
  • Organisasjon 
  • Kunnskap og kompetanse 
  • Omdømme