Det følgjer av Grunnlova § 20 at det er Kongen i statsråd som kan benåde domfelte. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å avslå søknader om benåding.

Tryggleiksventil

Benådingsinstituttet er meint som ein tryggleiksventil i det strafferettslege reaksjonssystemet.

Benåding skal hindre at straff blir fullbyrda når dette vil vere særleg urimeleg eller uheldig på grunn av ekstraordinære omstende som er inntrefte etter rettskraftig dom, eller som domstolen ikkje kjende til.

Ei benåding skal ikkje vere ei overprøving av avgjerda frå domstolen, og det er derfor ikkje eit relevant argument for benåding at domfelte hevdar seg uskuldig dømt eller at straffa er for streng.

Konkret og skjønnsmessig heilskapsvurdering

Det skal mykje til for å få innvilga ein søknad om benåding.

Ein søknad om benåding går gjennom ei konkret og skjønnsmessig heilskapsvurdering, der ein vanlegvis står overfor ei rekkje moment som dreg i ulik retning.

Eit moment for benåding kan vere at domfelte har fått så store helseproblem at straffegjennomføringa vil representere ei ekstraordinær påkjenning for han. Det same gjeld dersom det har oppstått uvanleg byrdefulle familieforpliktingar.

På den andre sida taler det mot benåding at domfelte har fått ein lang fengselsstraff for eit alvorleg strafflagt forhold, eller at han gjentekne gonger er domfelt for same type forhold.

Manglande økonomisk evne er normalt ikkje rekna som eit slik ekstraordinært omstende som kan grunngje benåding for bøter.

Søknad om benåding

Dersom du skal søkje om benåding før du har starta på soninga, sender du søknaden til det politidistriktet du soknar til.

Dersom du ønskjer å søkje om benåding medan du er under straffegjennomføring, sender du søknaden det av kriminalomsorga sine regionskontor, som du soknar til.