Kva er informasjonstelefonen?
Mange pårørande opplever ein krevjande situasjon og har ei rekkje spørsmål når ein familiemedlem blir varetektsfengsla, sonar ein fengselsdom eller gjennomfører straff i samfunnet.
Det kan også vere at du som skal inn i fengsel eller gjennomføre straff i samfunnet, har spørsmål om straffegjennomføringa.
Føremålet med informasjonstelefonen er å hjelpe på dette behovet for informasjon. Døme på spørsmål kan til dømes vere:
- Kva inneber ein fengselsdom?
 - Kva slags straffegjennomføringsformer finst?
 - Kven kan sone med fotlenkje?
 - Kva for rettar har eg som pårørande?
 - Bør eg fortelje barnet at pappa eller mamma er i fengsel?
 - Kva er reglane for å sende brev til innsette?
 
Dei som jobbar ved pårørandetelefonen, kan også vere ein samtalepartnar med pårørande i ein vanskeleg situasjon.
Pårørandetelefonen skal ikkje svare på spørsmål knytte til einskilde innsette eller ha spesifikk kunnskap om einskilde fengsel. Ved særskilt behov, vil pårørande visast vidare til aktuelle einingar.


							
