Ettersom den innsette på tidspunktet for varetektsfengslinga enno ikkje er dømt, gjeld til dels spesielle reglar for denne gruppa i straffegjennomføringslova. Det er straffeprosesslova og straffegjennomføringslova som gjev rammene for varetektsopphaldet.

Kva skal til for å bli varetektsfengsla?

Dei sentrale vilkåra for varetektsfengsling er at det ligg føre skilleg grunn til mistanke om at personen har gjort noko som kan føre til fengsel i meir enn seks månader, eller at det er fare for bevisøydelegging dersom vedkomande ikkje blir fengsla. I tillegg til dette, må minst éin av desse tre grunnane vere til stades:

  • Fare for at personen rømmer og ikkje møter til rettssaka (unndragingsfare) ·
  • Fare for at personen øydelegg bevis, til dømes ved å kontakte og påverke vitne, truge vitne eller tilpasse forklaringa si til andre sine forklaringar
  • Sterk fare for gjentaking av strafflagde handlingar

Tingretten

Politi og påtalemakta vurderer utsiktene for varetekt og om vilkåra ut frå lova er oppfylte. Oppmoding om varetektsfengsling blir fremja av politiet for tingretten, og den pågripne må framstillast for retten seinast tre dagar etter pågripinga.

Det er Tingretten som avgjer om varetektsfengsling skal brukast. Tingretten fastset også tidsramma for fengslinga og kva kontrollnivå som skal etablerast, til dømes om det skal påleggjast brev- og besøksforbod. Innanfor dei rammene som er fastsette av tingretten, kan politi/påtalemakta lempe på vilkåra. Kriminalomsorga skaffar ledig varetektsplass og tek mot den pågripne til innsetjing.

Kriminalomsorga sine oppgåver

Kriminalomsorga gjennomfører varetektsopphaldet innanfor dei rammene påtalemakta fastset med grunnlag i avgjerda (orskurden) frå domstolen. Innanfor dei rammene/restriksjonane som eventuelt er sette av domstolen eller påtalemakta, kan varetektsinnsette behandlast på same måte som domsinnsette i fengselet.