Vi har ein total kapasitet på 221 innsette. 203 av disse plassane er på høgt tryggleiksnivåhøy for menn, medan det er 18 plassar for kvinner på lågt tryggleiksnivå i eining D. .
Bergen fengsel legg vekt på at straffegjennomføringa skal ha i seg sikkerheit og tryggleik både for den enkelte tilsette, innsette og for samfunnet generelt . For å oppnå god sikkerheit og tryggleik under straffegjennomføringa, er vi oppteken av dynamisk sikkerheit og det at dei tilsette er saman med dei innsette. Fengselet er også kjent for å leggje vekt på endrings- og påverknadsarbeid, slik at den enkelte innsette sjølv har god moglegheit til å leggje tilrette for eit liv utan kriminalitet når han vert sett fri.
Verdigrunnlaget til Bergen fengsel byggjer på at vi trur at alle domfelte kan endre si åtferd, og at endra måte å tenkje på gjer endring i åtferd. Vi er derfor oppteken av at vi som tilsette skal vere engasjerte i vårt arbeide, og at vi må vere i stadig utvikling for at vi til ei kvar tid skal kunne gjere ein best mogleg jobb for samfunnet og den innsette
Kva skjer dei fyrste dagane i fengselet?
Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengselet?
Fengselet har eigen butikk (Markedet) kor innsette kan handle ein gong i veka. Her er det eit stort utval av matvarer, hygieneartiklar og søtsaker. Innsette kan også få kjøpt DVD-spelar, DAB-radio og hårklippar og barbermaskin.
Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengselet?
Besøkstid
Pårørande kan besøke innsette ved Bergen fengsel i eit av besøksromma til anstalten. Den innsette kan få eit besøk á ein time kvar veke, eller eit besøk med varighet inntil 5 timar ein gong i månaden.
Kvar avdeling har faste besøkstider pr. uke.
Under spesielle arrangement vil besøksavdelinga kunne vere stengt. Vi held også stengt på følgjande dagar: Nyttårseftan - 17. mai - juleftan.
Avdeling D har eigne besøksreglar.
Besøksbestilling
Besøk kan bestillast på e-post 8510-besok@kriminalomsorg.no.
Du får normalt svar innan eit par virkedagar. Ver ute i god tid med bestilling. Har du spørsmål kan du ringe 55 39 36 02 (kl. 09.00 – 13.00).
Det er òg mogleg å bestille videobesøk. Bruk same e-post som nemnt over.
Bestilling av besøk er ikkje mogleg på heilag- eller offentleg høgtidsdagar.
Besøk av barn
Aldersgrensa for hovudbesøk er 18 år. Dette vil seie at minst ein av dei besøkande som møter opp må ha oppnådd nemnte aldersgrense. Andre enn innsette sine egne barn, i alderen 3-14 år, har normalt ikkje tilgang til anstalten. Personar under 18 år har ikkje tilgang til å besøke innsette utan fullmakt frå føresette.
Barn i alderen 15 - 17 år må ha eige besøksløyve, og har berre tilgang saman med myndig besøkande med løyve. Familierommet kan brukast av innsette som mottek besøk av familie med barn, eller barn med følgje. I tillegg disponerer besøkstenesta ein luftegard.
Besøksavdeling
Besøkstenesta disponerer 3 besøksrom + 1 familierom + glasveggrom. Det er ikkje tillate å røykje i eller i tilknyting til besøksavdelinga.
Legitimasjon og besøksløyve
For å få eit besøksløyve må den som ønskjer å kome på besøk fylle ut eit søknadsskjema. Dette skjemaet vil den innsette sende i posten, og må reknast som ein personleg invitasjon til dei som dei ønskjer besøk av.
Fengselet vil sende ut besøksløyvet etter at personnummer og vandel er kontrollert av politiet. Besøksløyvet sendast i posten saman med informasjon om når og korleis ein bestiller besøk.
Når du kjem til anstalten må du seie i frå kven du er, og kven du har time til å besøke. Du vil bli tilvist frå hovudporten til besøksinngangen, der du må vise fram legitimasjon. Om du ikkje har godkjent legitimasjon vil du ikkje kome vidare inn i anstalten, heller ikkje få høve til å snakke med innsette, før godkjent legitimasjon ligg føre.
Metalldetektorportal
Av tryggingsmessige grunnar må alle som skal inn i fengselet passere gjennom ein metalldetektorportal. Portalen er lik dei som finst på ein del norske lufthamner, og vi bed besøkande om å unngå tøy med mange metallknappar, store smykke, spenner og liknande. Ingen besøkande får tilgang så lenge portalen gjev utslag. Fengselet har heimel til å undersøkje personar og gjenstandar som oppheld seg på fengselsområdet ved bruk av teknisk utstyr eller hund, etter str.gj.l. §27,1 ledd.
I venterommet til besøksavdelinga må du hengje frå deg ytterklede og leggje frå deg vesker, tobakk, mobiltelefon, armbandsur, medisinar med meir.
Mat og drikke
Det er ikkje tillate å ha med seg nærings- og nytingsmiddel (matvarer) inn i besøksavdelinga.
Kalde og varme drikkar samt sjokolade, chips etc. får ein kjøpt på automatar i besøksavdeling, under påsyn av betjent. Hugs å ta med myntar om du ønskjer å handle på automatane. Vi har diverre ikkje høve til å veksle. Innsette har ikkje høve til å ta med mat og drikke tilbake til avdelinga etter at besøket er avslutta.
For besøk som varar over 3 timar, kan den innsette bestille middag eller bagettar frå kjøkenet til seg og dei besøkande. Maten må vere bestilt og betalt på førehand.
Innlevering av effektar
Å levere inn gjenstandar til dei innsette ved besøksavdelinga eller i porten er ikkje tillate. Gjenstandar til innsette skal sendast per post til fengselet etter at innsette har søkt og fått løyve til å ha gjenstanden i fengselet. Postboks 224, Ulset. 5873 Bergen. Aviser og magasin kan leverast ved besøk, men alt anna vil bli avvist.
Pengar
Pengar til innsette skal setjast inn via nettbank. Kontonummeret er 5225.05.15677. Ver venleg og merk betalinga med innsette sitt namn og fødselsdato.
Anna
Besøkande som møter rusa eller på annan måte påverka, vil bli nekta tilgang til fengselet. Det er ikkje tillate å ha kjæledyr med inn i anstalten.
Vi bed om at du som besøkande rettar deg etter dei pålegga og retningslinjene som blir gjevne av tenestemenna i fengselet.
Korleis kjem du deg til Bergen fengsel
Bergen fengsel ligg på Hylkje i Åsane, ca. 2 mil frå Bergen sentrum. Ein kjem hit ved å ta buss nummer 300 eller 36.