I kriminalpolitikken er det viktig å førebyggje ny kriminalitet ved å støtte lovbrytarar med vilje til å leve lovlydig. Samtidig må offera for kriminalitet få den merksemda og støtta som gjer at dei kjem vidare i livet sitt på best mogleg måte.
Dersom domfelte skal gjennomføre straff utanfor fengsel, får frigang, permisjon eller blir lauslatne, og det truleg er av interesse for fornærma eller etterlatne å få kjennskap til dette, skal det varslast om avgjerda. Føremålet med slik varsling er å gje dei det vedkjem, informasjon om at domfelte kan treffast på.
Kriminalomsorga gjer ei vurdering av om varsel skal gjevast i det einskilde tilfellet, sjå nærare om vurderingsmomenta for avgjerda i retningslinjene til straffegjennomføringslova pkt. 7B. Varsling av fornærmede eller dennes etterlatte.
Dei det vedkjem, skal få uttale seg om dei ønskjer slik varsling eller ikkje.
Kontoret for valdsoffererstatning
Behandlar søknader om valdsoffererstatning og er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Justis- og beredskapsdepartementet
Politiet
Oversikt over rettar for fornærma eller pårørande
Oversikt over støttesenter for kriminalitetsutsatte