Mobil Versjon

Hustad fengsel

Kriminalomsorga region vest

hustad

Hustad fengsel ligg i Fræna kommune i Møre og Romsdal og er ei eining med høg og lågare sikkerheit. Fengslet vart tatt i bruk 1. januar 2005 og har i dag ein ordinær kapasitet på 60 plassar.

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein seg til fengslet?
Fengselet ligg midt mellom dei to bygdene Hustad og Farstad i Fræna kommune. Det går buss frå Molde og Bremsnes til Hustad fengsel. Fengslet ligg midt mellom to flyplassar; Årø Lufthamn Molde og Kvernberget lufthamn Kristiansund.

Kva MÅ du ha med deg?
Du må ha med deg soningsinnkalling og godkjend legitimasjon. Vi rår deg også til å ta med penger for eventuelle nødvendige innkjøp ved framkomst. Du kan behalde eigne klede under opphaldet, og bør ha med deg både fritidsklede og treningsklede.
 
Kva KAN du ha med deg?
Du kan ha med deg toalettartiklar, barberhøvel/barbermaskin, barberkrem/barbersåpe, nagleklippar (ikkje saks) og uopna reiningsutstyr til kontaktlinser. Det er ikkje tillatt med flytande og/eller brannfarlege toalettartiklar. Du kan ha med deg inntil fem pakkar tobakk, ti pakker sigarettar eller ti boksar snus i uopna pakningar. Du kan også ha med deg skrivesaker, inntil fem bøker, blad, bilete, spel, ein kortstokk, ein ring (giftering) og inntil ti originale CD-ar. Det er ikkje tillatt å ta med nokon form for mat, drikke, søtsaker eller liknande.


Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengslet?
Hygieneartiklar vert utlevert ved behov. Handklede og sengetøy vert ordna av fengslet.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet?
Fengslingsgrunnlaget vert kontrollert med utgangspunkt i godkjend legitimasjon og soningsinnkalling. Den dømde vert vist til mottakingsrommet for registrering av personalia, samt for gjennomføring av kroppsvisitasjon. Medbrakte effektar vert registrerte og gjennomgått, for etter dette å bli fordelt til effektlager eller til rommet. Den dømde vert innkalla til innkomstsamtale med helseavdelinga i løpet av den første veka.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengslet?
Kjøp av forbruksvarer vert gjort éin gong i veka. Maksimalt handlebeløp for domfelte er sett til kr 700 pr. veke i lukka avdeling / kr. 1.000,- i opa avdeling. Spesielle retningsliner/rutiner gjeld for innkjøp i dei to avdelingane i fengselet.
 
Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Den innsette har høve til å ringe ut i inntil 20 minutt per veke. Innsette må sjølv dekke ringekostnadane. Privattelefonar utanfrå vert ikkje vidareformidla til innsette, og det vert vidare gjort oppmerksam på at telefonsamtalar vert avlytta. Det er ikkje tillate med mobiltelefon i fengslet eller på fengslets område. På avdeling med lågare trykkingsnivå er det tilgjenge til telefonboks (med bruk av telekort).
 
Kva for skuletilbod har fengselet?
Romsdal vidaregåande skule har ansvaret for undervisninga ved Hustad fengsel. Skuleavdelinga har 4,5 lærarstillar og lærarane dekkjer alle fag under vidaregåande opplæring, til dømes: engelsk, norsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, kroppsøving, økonomiske fag, IKT og musikk. Praktiske fag innan til dømes mekaniske fag og byggfag lar seg også gjennomføre ved skulen.
 
Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengslet?
Dei innsette har tilbod om å arbeide i verkstadene ved fengslet. Her vert det produsert ulike produkt som seinare vert lagt ut for sal. Innsette tar også del i vedlikehald av bygningar og grøntanlegg, i tillegg til at dei tar del i reinhald og arbeid i vaskeriet, kjøkken og andre fellestenester i fengslet.

Kva for tilbod for fritida har fengslet?
Hustad fengsel arbeider for også å kunne gje den innsette eit tilbod på fritida. Hustad fengsel er i tillegg definert som naturfengsel - og frå tid til annan vert det arrangert turar i den storslåtte naturen fengselet omgir seg med.

Anna
Ved fengselet er etablert eit rusmeistringstiltak der vi har tilført fagpersonell frå spesialhelsetenesta for å arbeide i fengslet. Desse utgjer eit team saman med tilsette i kriminalomsorga, og møter dagleg dei innsette med tilbod om behandling og oppfylgjing.

Informasjon til besøkande

Kva for prosedyre gjeld for besøk til innsette?
Innsette kan ta i mot besøk etter serlege reglar under opphaldet ved fengselet. I korte trekk er prosedyrene slik: Ei erklæring for besøk som inneheld opplysningar om namn, fødselsdato, adresse, telefonnummer og eventuelt slektskap til den som ynskjer å kome på besøk vert å sende ut av innsette - pr post. Opplysningane vert kontrollerte av politiet. Erklæringene vert så å returnere Dokumentsenteret (sjå adresseinfo). Normal handsamingstid her: 1 veke.

Når vedkommande er klarert for besøk, vert det skriven ut eit besøksløyve. Løyvinga vert å ta med i første besøk. Besøket vert avtalt over telefon i god tid før ynskja besøksdato. Personar under 16 år må ha skriftleg samtykke til besøket frå sine føresette. Det er høve til å ta med barn under besøk i fengselet. Den som har foreldreansvaret/-omsorga for barnet tar avgjerda om barnet skal bli med på besøket.

Kva er besøkstidene i fengslet?
Besøkstidspunkta skal i hovudsak vere om ettermiddagen på vekedagar. I helgene kan besøk finne stad både på føremiddagen og ettermiddagen. Normalt varer eit besøk i éin time, men det kan i nokre høve gjerast lengre om til dømes gjesten(e) har ekstra lang reiseveg.
 
Kva kan den besøkande ha med seg?
Den besøkande sine vesker o.a. vert satt inn i eit eige låst skåp. Lesestoff, klede, pengar, gåver eller andre effektar vert å levere til fengselets tenestemann før sjølve besøket. Den besøkande kan ta med seg inn mat som vert eten der og då. Det er ikkje tillatt å ta med medisin, fotoapparat, videokamera, mobiltelefon, røyk/tobakk, kniv eller liknande inn i fengslet. Innsette har ikkje tillatelse til å ta med seg noe inn i avdelinga etter besøket.
 
Korleis er tilhøva for besøk av barn?
Besøksrommet i fengselet har eit lite utval leiker og spel tilgjengeleg for barn.