Isolasjon

Etter straffeprosesslova kan domstolen bestemme at varetektsfengsla skal i heil eller delvis isolasjon under opphaldet. Varetektsinnsette som har fått pålagt fullstendig isolasjon, er avskorne frå å møte andre medinnsette i fengselet. Det er opning for samtalar med prest.

Varetektsinnsette får også jamleg tilsyn av helsetenesta i fengselet, og annan individuell oppfølging/tiltak frå avdelingspersonalet.

Besøk frå oppnemnt forsvarar og etterforskar frå politiet blir gjennomført i eige rom i eininga. Telefonering til forsvarar er lov, men ikkje til andre private personar eller offentlege kontor. Besøk frå pårørande er ikkje tillate dersom ikkje politiet/retten har godkjent det.

Delvis isolasjon inneber at den varetektsinnsette er utelukka frå samvær med bestemte innsette. 

Medie-, brev- og besøkskontroll

Retten kan avgjere at den varetektsfengsla ikkje skal ha tilgang på aviser og kringkasting. Av omsyn til etterforskinga kan domstolen også bestemme at den varetektsinnsette ikkje skal kunne få besøk, eller sende eller få brev eller anna postsending.

Domstolen kan også bestemme at besøk eller brevveksling berre kan finne stad under kontroll av politiet. Med mindre det er uttrykkjeleg slege fast av domstolen, gjeld dette ikkje korrespondanse med og besøk av offentleg myndigheit.