Mobil Versjon

Bergen fengsel

Kriminalomsorga region vest

.

bergen

Bergen fengselvart teken i bruk hausten 1990, og erstatta då gamle Bergen kretsfengsel som var lokalisert i Bergen sentrum. Bergen fengsel var det første fengselet i sitt slag, med spesiell arkitektonisk utforming, og heilt frå starten var det eit sterkt fokus på at dei små bufellesskapa gav god moglegheit for arbeid med påverknad og endring med involvering frå tenestemenn. Sidan opninga i 1990 har fengselet vorte utvida med to nye avdelingar. Vi har ein total kapasitet på 258 innsette, og er såleis eit av dei største fengsla i landet.

Bergen fengsel legg vekt på at straffegjennomføringa skal ha i seg sikkerheit og tryggleik både for den enkelte tilsette, innsette og for samfunnet generelt . For å oppnå god sikkerheit og tryggleik under straffegjennomføringa, er vi oppteken av dynamisk sikkerheit og det at dei tilsette er saman med dei innsette. Fengselet er også kjent for å leggje vekt på endrings- og påverknadsarbeid, slik at den enkelte innsette sjølv har god moglegheit til å leggje tilrette for eit liv utan kriminalitet når han vert sett fri.

Verdigrunnlaget til Bergen fengsel byggjer på at vi trur at alle domfelte kan endre si åtferd, og at endra måte å tenkje på gjer endring i åtferd. Vi er derfor oppteken av at vi som tilsette skal vere engasjerte i vårt arbeide, og at vi må vere i stadig utvikling for at vi til ei kvar tid skal kunne gjere ein best mogleg jobb for samfunnet og den innsette

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein til fengselet?
Taxi, eventuelt buss nummer 36 eller 320.
Kva MÅ den dømde ha med seg?
Den innsette må ha med seg: legitimasjon, klede og eigne medisinar.
 
Kva KAN den dømde ha med seg?
Den innsette kan ha med seg; klede, playstation 2, toalettsaker, bøker, naudsynte papir, bilete av familie i liten storleik, cd’ar og spill, pengar.
Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengselet?
Den innsette får toalettsaker hos oss, dersom ikkje vedkomande har med seg eigne. Vi tenkjer då spesielt på innsette som møter til dom. Alle innsette frå arresten får toalettmappe med alt som dei treng.
I tillegg har vi ein startpakke med klede: ei joggebukse, gensar, t-skjorte, sokkar og undertøy. Dette får dei innsette som ikkje har klede med seg.
Alle innsette får ein sekk med alt sengetøy.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengselet?

  • Innsette vert registrert med personalia i mottakinga, bilete vert teke og personen vert visitert.
  • Avdelingsbetjent hentar innsette, tek han med til avdelinga og cella han skal ha. Snakkar saman, om rutinar på avdelinga, om fengselet og om innsette sjølv. Innkomstsamtale del 1 vert teken med ein gang, og innkomstsamtale del 2 vert teken innan det er gått 24 timar.
  • Innsette får det han treng av mat, klede og toalettartiklar.
  • Innsette får papir som han kan fylle ut dersom han ynskjer å ringje heim og dersom han vil ha besøk.
  • Helseavdelinga får melding om at det er kome ein ny mann, og kjem for å ta ein prat og høyrer om det er noko den nye treng.
  • Veldig mykje som er avhengig av helsetilstanden til innsette, tidspunkt på dagen eller når i veka og på kva grunnlag personen er i fengsel.
  • Første heile dagen er det vekking og utlevering av frukost på morgonen. Nokre får jobbar på føremiddagen, og etter lunsjpause. Lufting på ettermiddagen. Moglegheit til å ringje på kveldstid.
  • Mogleg å snakke med ein betjent dersom det er ynskeleg.
  • Innsette vert tildelt kontaktbetjent som kan vere hjelpsam med bytte av avdeling og diverse søknader. Det er ein fast betjent å halda seg til.
  • Betjentane på avdelinga vurderer når den nyinnsette er klar til å flytte vidare.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengselet?

  • Frimerke
  • Søtsaker/snop
  • Brus
  • noko ferskvarer (yoghurt, kremostar, majones, dressingar og liknande)
  • Kaffe/te
  • Diverse tørrvarer (frukostblandingar, kjeks, hermetisk frukt med meir)
  • Pålegg
  • Noko frysevarer (Is, bær, Grandiosa, kjøttdeig)
  • Hygieneartiklar
 Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
  • Opne avdelingar: Ingen avgrensingar
  • Lukka avdelingar: 20 minuttar kvar veke med moglegheit for søknad om utvida ringjetid.
Kva kan den innsette ha av private ting på cellene?
  • Private effektar
  • Klede – eit avgrensa tal etter liste som ein får hos fengselet, til dømes inntil 6 skjorter/gensarar og inntil 5 bukser
  • Smykke – avgrensa tal (til dømes inntil 3 ringar, inntil 2 halskjede)
  • 50 CD/kassett/TV-spill
  • Playstation 2
  • Radio/stereoanlegg (max 40x65cm)
  • Walkman/Discman utan moglegheit for opptak
  • MP3 spelar er IKKJE tillate
  • Barbermaskin/hårklippemaskin
 Kva for skuletilbod har fengselet?
  • Kurs over 9 veker. Undervisning 2 - 4 timar pr gruppe pr veke  ( 63 innsette innom i veka 2-4 timer)
  • Teikning/måling, teknisk teikning, musikk, Norsk for framandspråkleg, Engelsk for framandspråkleg,
  • maskinarbeidar, digital datahandsaming, sveising, datakort, datakurs, teikning/smykke 11 kurstilbod

    Fleirfagkurs
  • Husstell 4 t, Design /handverk 8t, data 2 t matematikk 4 t. (3 personar
  • Førebuande til og studiekompetanse: 30 t.veka
  • Allmennfag
  • Fagskulen
  • Årskurs
  • Restaurant og matfag
  • TIPP
  • Design og handverk
  • Byggfag

Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengselet?

  • Snikkarverkstad
  • Møbelsnikkarverkstad
  • Gardinsaum
  • Systove / papirarbeid
  • Vaskeri
  • Målarverkstad
  • Mekanisk verkstad
  • Monteringsverkstad
  • Lysstøyping
  • Såpeproduksjon
  • Kjøken
  • Bilpleie
  • Vevstove-hobby
  • I tillegg har vi vedlikehaldsarbeid og reingjering
Kva for tilbod for fritida har fengselet?
  • Kultur/fritid
  • Kvar veke treningar i kulturbygg.
  • Kvar veke trening på idrettsplass
  • Utreise til fisketurar, skiturar, symjing  og kinobesøk.
  • Hobbyrelatert aktivitet på cella, måling, pusling, gitar.
  • Bedriftsidrettslag fotball - administrerer.
  • "Kor i fengsel" i samarbeid med skulen
 Anna som er spesielt for fengselet
Programtilbod:
  • Vinn (voldsprogram for kvinner (10 samlingar a 2 timer)
  • Lite sinnemestring 8 samlingar a 2 t
  • Sinnemestring Brødseth mod. 30 samlingar a 2 t
  • Voldsprogram 1 år 6 t pr. veke,
  • Stressmestring 9 samlingar a 2 t.
  • Rusmestringsprogram
  • I tillegg har vi  Seksualforbrytarprogram for heile landet
  • Prestetenesta har også tilbod til innsette.

 

Informasjon til besøkande

Besøkstid
Pårørande kan besøke innsette ved Bergen fengsel i eit av besøksromma til anstalten. Lengda på besøket er 1 time per veke (maks 5 timar per månad):
 
Måndagar avd. A-vest og A-aust
Tidspunkt: kl.10.00-11.00 / 12.30-13.30 / 17.30-18.30 / 19.00-20.00

Tysdagar avd. B og C
Tidspunkt: Kl.10.00-11.00 / 12.30-13.30 / 17.30-18.30 / 19.00-20.00

Onsdagar avd. B og C
Tidspunkt: Kl.10.00-11.00 / 12.30-13.30 / 17.30-18.30 / 19.00-20.00

Torsdagar avd. A-vest og A-aust
Tidspunkt: Kl.10.00-11.00 / 12.30-13.30 / 17.30-18.30 / 19.00-20.00

Laurdagar avd. C og M
Tidspunkt: Kl.10.30-11.30 / 12.00-13.30 / 16.00-18.00 / 18.30-19.30

Søndagar avd. B og M
Tidspunkt: Kl. 10.30-11.30 / 12.00-13.30 / 16.00-18.00 / 18.30-19.30

Avdeling M har også besøksdagar måndag til torsdag e. kl. 1700.

Under spesielle arrangement vil besøksavdelinga kunne vere stengt. Vi held også stengt på følgjande dagar: Nyttårseftan - påskeeftan - 17. mai - juleftan

Osterøyavdelinga og avdeling D har eigne besøksreglar.

Besøksbestilling
Måndag, tysdag, onsdag og torsdag kl. 0930 - 1100.

Telefon: 55 39 36 02

Ved akutt fråvær vil ikkje alltid tenesta i samband med besøksbestilling vere bemanna. Dette seier vi oss leie for. Om du opplever dette, bed vi om at du ringjer inn igjen neste bestillingsdag.  

Den innsette kan ta imot eitt besøk kvar veke.
Besøksbestillinga er stengt på alle heilagdagar.

Besøk av barn
Aldersgrensa for hovudbesøk er 18 år. Dette vil seie at minst ein av dei besøkande som møter opp må ha oppnådd nemnte aldersgrense. Andre enn innsette sine egne barn, i alderen 3-14 år, har normalt ikkje tilgang til anstalten. Personar under 18 år har ikkje tilgang til å besøke innsette utan fullmakt frå føresette.

Barn i alderen 15 - 17 år må ha eige besøksløyve, og har berre tilgang saman med myndig besøkande med løyve.
Familierommet kan brukast av innsette som mottek besøk av familie med barn, eller barn med følgje. I tillegg disponerer besøkstenesta ein luftegard.

Besøksavdeling
Besøkstenesta disponerer 2 besøksrom + 1 familierom + glasveggrom. Det er ikkje tillate å røykje i eller i tilknyting til besøksavdelinga.

Legitimasjon og besøksløyve
For å få eit besøksløyve må den som ønskjer å kome på besøk fylle ut eit søknadsskjema. Dette skjemaet vil den innsette sende i posten, og må reknast som ein personleg invitasjon til dei som dei ønskjer besøk av.
Fengselet vil sende ut besøksløyvet etter at personnummer og vandel er kontrollert av politiet. Besøksløyvet sendast i posten, og må takast med til kvart besøk.

Når du kjem til anstalten må du seie i frå kven du er, og kven du har time til å besøke. Du vil bli tilvist frå hovudporten til besøksinngangen, der du må vise fram legitimasjon, samt godkjent besøksløyve. Om du ikkje har godkjent besøksløyve eller legitimasjon vil du ikkje kome vidare inn i anstalten, heller ikkje få høve til å snakke med innsette, før godkjent besøksløyve/legitimasjon ligg føre.

Metalldetektorportal
Av tryggingsmessige grunnar må alle som skal inn i fengselet passere gjennom ein metalldetektorportal. Portalen er lik dei som finst på ein del norske lufthamner, og vi bed besøkande om å unngå tøy med mange metallknappar, store smykke, spenner og liknande. Ingen besøkande får tilgang så lenge portalen gjev utslag.
Fengselet har heimel til å undersøkje personar og gjenstandar som oppheld seg på fengselsområdet ved bruk av teknisk utstyr eller hund, etter str.gj.l. §27,1 ledd.

I venterommet til besøksavdelinga må du hengje frå deg ytterklede og leggje frå deg vesker, tobakk, mobiltelefon, armbandsur, medisinar med meir. Du kan ta med deg myntar til automatane.

Mat og drikke
Det er ikkje tillate å ha med seg nærings- og nytingsmiddel (matvarer) inn i besøksavdelinga.

Kalde og varme drikkar samt sjokolade, chips etc. får ein kjøpt på automatar i besøksavdeling, under påsyn av betjent. Hugs å ta med myntar om du ønskjer å handle på automatane. Vi har diverre ikkje høve til å veksle. Innsette har ikkje høve til å ta med mat og drikke tilbake til avdelinga etter at besøket er avslutta.

For besøk som varar over 3 timar, kan den innsette bestille middag eller bagettar frå kjøkenet til seg og dei besøkande. Maten må vere bestilt og betalt på førehand.

Innlevering av effektar
I utgangspunktet skal ikkje noko leverast inn eller sendast ut ved besøk. I dei tilfella det blir gjeve slikt løyve skal overlevering finne stad mellom tenestemann og den besøkande. Vi gjer merksame på at direkte overlevering vil bli sett på som forsøk på inn-/utsmugling og kan resultere i at besøksløyvet blir trekt tilbake. Om det blir gjort forsøk på innsmugling av medisin eller narkotika vil det i tillegg bli meldt til politiet.

Aviser og vekeblad
Den besøkande kan ta med seg aviser og vekeblad. Desse skal avleverast i besøksvakta før besøket startar.

Pakker, gåver og tøy
Effektar til den innsette kan ikkje leverast inn ved besøk utan at den innsette på førehand har søkt om det, og fått den nødvendige godkjenninga.

Vi gjer merksame på at direkte overlevering vil bli sett på som forsøk på inn-/utsmugling. Dette kan resultere i at besøksløyvet blir trekt tilbake.
Om innsmugling gjeld medisinar eller narkotika vil det i tillegg bli meldt til politiet.

Pengar
Pengar til innsette kan ikkje lenger leverast direkte på porten eller ved besøk, men skal setjast inn via nettbank. Kontonummeret er 5225.05.15677. Ver venleg og merk betalinga med innsette sitt namn og fødselsdato.

Anna
Besøkande som møter rusa eller på annan måte påverka, vil bli nekta tilgang til fengselet. Det er ikkje tillate å ha kjæledyr med inn i anstalten.

Vi bed om at du som besøkande rettar deg etter dei pålegga og retningslinjene som blir gjevne av tenestemenna i fengselet.

Korleis kjem du deg til Bergen fengsel
Bergen fengsel ligg på Hylkje i Åsane, ca. 2 mil frå Bergen sentrum. Ein kjem hit ved å ta buss nummer 320 eller 36.