Kva er informasjonstelefonen?

Mange pårørande opplever ein krevjande situasjon og har ei rekkje spørsmål når ein familiemedlem blir varetektsfengsla, sonar ein fengselsdom eller gjennomfører straff i samfunnet. 

Det kan også vere at du som skal inn i fengsel eller gjennomføre straff i samfunnet, har spørsmål om straffegjennomføringa.

Føremålet med informasjonstelefonen er å hjelpe på dette behovet for informasjon. Døme på spørsmål kan til dømes vere:  

  • Kva inneber ein fengselsdom? 
  • Kva slags straffegjennomføringsformer finst? 
  • Kven kan sone med fotlenkje?
  • Kva for rettar har eg som pårørande?
  • Bør eg fortelje barnet at pappa eller mamma er i fengsel?
  • Kva er reglane for å sende brev til innsette?

Dei som jobbar ved pårørandetelefonen, kan også vere ein samtalepartnar med pårørande i ein vanskeleg situasjon.

Pårørandetelefonen skal ikkje svare på spørsmål knytte til einskilde innsette eller ha spesifikk kunnskap om einskilde fengsel. Ved særskilt behov, vil pårørande visast vidare til aktuelle einingar.