Timetal og gjennomføringstid

Dersom vilkåra for bøteteneste er til stades, fastset kriminalomsorg eit timetal for bøtetenesta frå 2 til 240 timar og ei gjennomføringstid frå 20 dagar til 8 månader pr. førelegg. Ved fastsetjing av timetalet tilsvarer éin dag subsidiær fengselsstraff to timar bøteteneste. Éin time bøteteneste skal vere på 60 minutt.

Korleis gjennomfører ein bøteteneste?

Bøteteneste inneber at du utfører to timar samfunnsnyttig teneste for kvar dag av den subsidiære fengselsstraffa. Bøteteneste vil skje i regi av friomsorgskontoret i fylket der du bur og er no eit landsdekkjande alternativ til å sone bøter i fengsel.

Målet med ordninga er å gje deg ein sjanse til å gjere opp for deg utan å sone i fengsel. Du må ha bustad og opphald i Noreg i gjennomføringstida. Kriminalomsorga kan hente inn opplysningar om bustaden din og andre forhold som verkar inn på gjennomføringa av bøtetenesta. Du må møte i upåverka tilstand og til fastsett tid og stad for bøteteneste.

Dei som kan søkje på bøteteneste, må ha fått informasjonsbrev frå kriminalomsorga før dei kan søkje. Brevet vil bli sendt digitalt, eller i vanleg post dersom ein ikkje har digital postkasse.

Du kan søkje om bøteteneste sjølv om du alt er kalla inn til soning, sit i fengsel på grunn av dom eller bøter.

Dersom du ønskjer å betale bøtene etter at du har starta på bøteteneste, er dette mogleg. Det arbeidet du har utført, vil då gje fråtrekk i restbeløpet.

Saksgangen i bøtetenestesaker

  • Statens innkrevjingssentral har forgjeves søkt å inndrive pengane over ein lengre periode, og deretter sendt saka til politiet med førespurnad om å fullbyrde bøtene.
  • Politiet sender saka til Kriminalomsorgsdirektoratet v/Kriminalomsorga sin sentrale bøteadministrasjon (KSB), som sender ut informasjon og søknadsskjema til aktuelle kandidatar.
  • Søknad om bøteteneste skal setjast fram munnleg eller skriftleg til KSB, som førebur saka og sender henne vidare til aktuelt friomsorgskontor i fylket ditt.
  • Når søknaden din er motteken, vil friomsorgskontoret kontakte deg for å avtale ein samtale så sant du oppfyller kriteria.
  • Kriminalomsorga fastset timetal for bøtetenesta, gjennomføringstida og det nærare innhaldet i bøtetenesta.
  • Det er friomsorgskontoret som innvilgar eller avslår søknaden om bøteteneste, kriminalomsorga regionalt nivå er klageinstans.
  • Friomsorgskontoret vil i samarbeid med deg finne fram til passande arbeidsoppgåver. Friomsorga vil i dei fleste tilfelle også fungere som arbeidsleiar for gjennomføring av bøteteneste  
  • Det er også friomsorgskontoret som skal kontrollere at du overheld føresetnader og vilkår for bøtetenesta.