Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bøtesoning i fengsel

- Det bør gjerast endringar i ordninga med subsidiær fengselsstraff for ubetalte bøter, men eg er ikkje samd i at ein bør løyse problema knytt til ordninga ved å avskaffe henne. Det ein lyt få bort er at dei som ikkje evnar å betale bøtene sine må sone ei fengselsstraff. Dette bør ein freiste å få til utan at ein på same tid gjev slepp på den subsidiære fengselsstraffa som eit betalingspressmiddel der manglande betaling ikkje er avhengig av evna. Det seier justisminister Knut Storberget i eit skriftleg svar til stortingsrepresentant Ingrid Heggø (A).

I 2005 var det i gjennomsnitt 103 bøtesonarar i fengsel. Om lag halvdelen av desse sat i fengsel med høgt tryggleiksnivå.

Justisdepartementet har i tiltaksplanen Rask reaksjon - tiltak mot soningskø og for bedre innhold i soningen føreslege å redusere gjennomføring av bøtesoning i fengsel med høgt trykkleiksnivå til eit minimum.

- All subsidiær soning av bøter bør søkjast gjennomført i fengsel med eit lågare trykkleiksnivå. Dette fjernar ikkje problemet med subsidiær soning av bøter, men vil i noko grad redusere tyngsla for dei domfelte, samstundes som det frigjer plassar i fengsla med høgt tryggleiksnivå, skriv justisminister Knut Storberget.

Les heile svaret her.
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk