Mobil Versjon

Vik fengsel

Kriminalomsorga region vest

vik

Vik fengsel ligg i Vik kommune og er ei eining med høgt og lågare sikkerhetsnivå. Fengselet har ein ordinær kapasitet på 39 plassar, der 28 er med høgt sikkerhetsnivå og 11 er med lågt sikkerhetsnivå.

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein til fengselet?
Vik fengsel ligg i Vik i Sogn. Hit kjem ein anten via Vikafjellet eller med ferje frå Hella eller Dragsvik til Vangsnes, som ligg ti kilometer nord for Vik. Fengselet ligg ein kilometer sør for sentrum. Hurtigbåt går kvar dag tur/retur Bergen-Vik. Det er gode bussforbindelsar.

Kva MÅ den dømde ha med seg?
Den innsette må ha med seg soningsinnkalling og godkjend legitimasjon.

Kva KAN den dømde ha med seg?
Den innsette kan bringe med seg klede, barbermaskin/høvel, tannbørste. Ein kan og ved innsetjing bringa med seg inntil 5 pakker tobakk eller ein kartong sigaretter. Ein kan ha med seg originale cd´ar, origanle filmar og orignale Playstation 2 spel (ikkje konsoll). Har ein med private pengar blir dette sett inn på ein konto og kan nyttast til handling.

Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengselet?
Den innsette kan få utlevert eitt sett med klede (genser og joggebukse) samt undertøy. I tillegg til dette deler vi ut hygieneartiklar som dusjsåpe, tannkrem, tannbørste og handklede.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengselet? 
Den innsette kjem først i mottakelsen. Her vert ein registrert, visitert og gitt ei orientering om korleis det er å sitja fengsla i Vik fengsel. Effektane ein har med seg vert gått gjennom, og dei effektane som ein har lov til å ha på rommet får ein utlevert neste dag. Resten vert sett på effektlageret. Innsette får tilbod om å snakke med helse-avdelinga dersom han har behov for det. I slike høve vert dette ordna dagen etter innsetjing. Innsette kjem deretter på rommet sitt der han får utlevert effektar frå fengselet. Inntakssamtalen vert tatt så fort som mogeleg, og den innsette blir orientert om kven som blir hans kontaktbetjent.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengselet?
Både doms- og varetektsinnsatte har høve til å nytta private midler og arbeidspengar (ei øvre grense på 600 kroner i veka for innsettelse i avdeling med høgare sikkerhet og 700 kroner i veka for innsettelse i avdeling med lågare sikkerhet). Matvarer kan handlast kvar torsdag. Ein får utlevert ei handleliste på onsdag som en fyller ut. Fengselet henter varene og bringer dei til dei innsett på torsdag.
 
Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Den innsette har anledning til å telefonere i inntil tjue minutt i veka. Alle private samtalar blir avlytta av fengselet. Samtalar med advokat, ambassade o.l. Vert ikkje avlytta.
 
Kva for skuletilbod har fengselet?
Fengselet har vidaregåande skule. Fengselet har og ein rekke kurs som til dømes sveisekurs, truck-førarkurs, motorsagkurs o.l. Ein kan komme med ynskjer til skulen om forskjellige kurs ein ynskjer å ta. Dette kan ta litt tid å få i orden så det avhenger av domslengde o.l.
 
Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengselet?
Vik fengsel har eit variert arbeidstilbod. Vi har snekker-verkstad, mekanisk verkstad og vedproduksjon. Kvar avdeling har og ein gang-gutt som tar seg av det daglege reinhaldet. Fengselet samarbeidar med eksterne bedriftar hvor dei innsette kan bli arbeidsplassert.
 
Kva for tilbod for fritida har fengselet?
Fengselet har eget trimrom med diverse treningsapparater, tredemølle og spinningsykkel. Det finnes også et eget spinningrom. Her blir det satt opp jevnlige spinning-grupper. Det finnes egen luftegård der man kan spille fotball, volleyball o.l samt gå/løpe.

Fengselet legger opp til fiske-/gåturer i fjellet og ved fjorden og andre aktiviteter som langrenn, slalom, fotball utenfor fengselet o.l.

Informasjon til besøkande

Kva for prosedyrar gjeld for besøk til innsette?
Innsette må sjølv sende ut besøks-skjema til dei dei vil ha på besøk. Dei besøkande returnerer dette ferdig utfylt til fengselet. Fengselet vil da, i samarbeid med politiet, godkjenne eller avvise dei besøkande. Dette på bakgrunn av om dei besøkande er tidligere domfelte o.l. Den som søkjer om besøkstillatelse vi etter dette få tilsendt en besøksklarering/avvisning pr post.

På bakgrunn av tidlegare innsendt skjema med besøksynskjer, vert den innsette gitt svar på om besøkande er blitt godkjende eller ikkje for besøk.
Besøkande som er godkjend kan ringe inn til fengselet for å avtale tidspunkt for besøk.
 
Kva er besøkstidene i fengselet?
Vik fengsel har besøkstider stort sett hele dagen frem til kl. 20.00. Besøkende som kommer langveisfra kan tilbys lange besøk. Ein kan også bestille besøk over flere dager. Fengselet er behjelpelig med opplysninger om overnattingsmuligheter i Vik.
 
Kva kan den vitjande ha med seg?
Besøkjande kan ha med seg mat som vert konsumert på besøksrommet, samt aviser og tidsskrifter. Klede og liknande skal leverast vakthavande for kontroll. Pengar vert levert vakthavande for registrering. Innsette kan ikke ta imot tobakksvarer. Dette kan kun gis til innsette ved fødselsdag og til jul.
 
Korleis er tilhøve for vitjing tilrettelagde for born?
Vik fengsel har to besøksrom, der er eitt er tilrettelagt for born. Her finnes diverse leiker, playstation, teiknesaker og tv med DVD-spelar.