Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opna ny rusmestringseining

Statssekretær Kristin Bergersen opna ny rusmeistringseining i Hustad fengsel fredag 27.april. Det var i 2010 at Stortinget tok avgjerda om at Hustad fengsel skulle få si eiga rusmeistringseining, og allereie på opningsdagen hadde den fullt belegg.

Vinne kampen for å bli rusfrie

Det ligg heile tida ei stor og viktig utfordring for kriminalomsorga i det å hjelpe dei rusavhengige innsette med å vinne kampen for å bli rusfrie. Og allereie på opningsdagen til hadde den nye rusmestringseininga på Hustad fengsel fullt belegg. Såvel dei fengselsfaglege stillingane, dei to nye miljøterapeutane og ny kompetanse frå spesialeiningshelsetenesta skal vere med på å gje dei innsette og domfelte betre mulegheiter for rusbehandling og rehabilitering i fengselet.

Hustad fengsel

Hustad fengsel har fram til dato vore ei eining med både høgt og lågare tryggingsnivå. Fengselet vart oppretta i 2004 med 13 lukka plassar til erstatning for plassane i Molde fengsel, som då hadde vore stengd ei tid. I 2005 vart fengselet utvida med 32 opne plassar. Og då statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet Kristin Bergersen fredag kunne opne den nye rusmeistringseininga ved fengselet, vart kapasiteten samtidig auka til totalt 53 plassar.
Fengselsleder Frode Erlandsen ved Hustad fengsel
Fengselsleder Frode Erlandsen ved Hustad fengsel

Moderne og innholdsrik avdeling

Og på opninga var dei der alle; representantane frå Statsbygg, kriminalomsorga, Justisdepartementet, vertskommune og forvaltningssamarbeidspartnarar. Og alle fekk dei sjå ei moderne og innhaldsrik fengselsavdeling. Hustad fengsel har tidlegare gjort teneste som administrasjonssenter og skule for militærnektarane på Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Bygningsmassen er oppført tidleg på åttitalet. Og det er Statsbygg som forvaltar bygningsmassen ved fengselet - slik dei gjer det for dei statlege fengselseigedommane elles i landet. Tekst: Øystein Hauge
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk