Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Biblioteket på plass i Sandeid fengsel

Kristian H. Resset (kristian.resset@kriminalomsorg.no)

Vindafjord kommune er vertskommune for Sandeid fengsel og er i tillegg ein aktiv tenesteytar overfor dei innsette. Den 2. april 2009 opna Vindafjord bibliotek si avdeling inne på fengselet, med både ordførar, regiondirektør i tillegg til mange tilsette og innsette til stades. Opninga vart ei solid markering av det gode samarbeidet mellom kommune og fengsel, kreativt krydra med eit særs populært kulturinnslag ved forfattaren Stig Holmås.
bibliox1111

Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM) har i sine planar eit prioritert mål om at alle fengsel med meir enn 25 innsette skal ha eit etablert bibliotektilbod innan utgangen av 2009. Fengselsbiblioteka skal gi dei innsette tilgang til litteratur og andre medier som kan vera til støtte under opplæring og rekreasjon. I tillegg ønsker ein å organisere aktivitetar som fremjer lesing, lese- og skrivedugleik samt kulturell utvikling.

Vindafjord bibliotek avd. Sandeid fengsel har no fått plass i nyoppussa lokaler i fengselet sitt velferdsbygg. I tillegg til bibliotek huser velferdsbygget også opplæringsavdeling, storsal og fritidsrom for innsette. Det er verksbetjent Reidar Håvås og fengselsbetjent Roy Adolfsen ved Sandeid fengsel som har stått ansvarlege for tilretteleggingsprosjektet i nært samarbeide med einingsleiar for bibliotek i Vindafjord kommune, Any Tordis Heggebø.
- Samlinga av bøker og andre media til utlån skal aktivt rullerast mot biblioteket i Ølen, slik at det til ei kvar tid vil vera eit oppdatert og godt utval tilgjengeleg, understreka Heggebø då ho ønska velkomen til opninga.
Ordførar i Vindafjord kommune Arne Bergsvåg fokuserte i opningstalen på at raske men gode prosessar har vore kjennetegnet på samarbeidet mellom kommune og fengsel heilt sidan Sandeid Arbeidskoloni vart etablert for snart 25 år sidan. Direktør i region sørvest Gudmund Idsø fulgte opp med positiv omtale av den stadige utviklinga i kvaliteten på straffegjennomføringa i Sandeid.
Opninga av bibliotekavdelinga vart avrunda ved Stig Holmås, utdanna bibliotekar men først og framst kjend som lyrikar, tekstforfattar og sidan 1960-talet forfattar av ei trettitals bøker for born, unge og vaksne. Med stor innleving fortalte han om forfattarskapen sin og framførte mellom anna forteljinga ”Snop” frå novellesamlinga ”Guttene i Markegaten” for ei engasjert forsamling. 
Biblioteket i Sandeid fengsel tilbyr utlån med både lokalt og nasjonalt lånekort og vil ha fast opningstid ein ettermiddag kvar veke, med mål om eit utvida tilbod etter den første innkøyringsperioden.
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Figur 1 - Forfattar, lyrikar og utdanna bibliotekar Stig Holmås engasjerte forsamlinga med høgtlesing frå eigne tekstar.

 

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk