Vik fengsel ligg i Vik kommune og er ei eining med høgt og lågare sikkerhetsnivå. Fengselet har ein ordinær kapasitet på 39 plassar, der 28 er med høgt sikkerhetsnivå og 11 er med lågt sikkerhetsnivå.

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein til fengselet?
Vik fengsel ligg i Vik i Sogn. Hit kjem ein anten via Vikafjellet eller med ferje frå Hella eller Dragsvik til Vangsnes, som ligg ti kilometer nord for Vik. Fengselet ligg ein kilometer sør for sentrum. Hurtigbåt går kvar dag tur/retur Bergen-Vik. Det er gode bussforbindelsar.

Kva MÅ den dømde ha med seg?
Den innsette må ha med seg soningsinnkalling og godkjend legitimasjon.

Kva KAN den dømde ha med seg?
Den innsette kan bringe med seg klede, barbermaskin/høvel, tannbørste. Ein kan og ved innsetjing bringa med seg inntil 5 pakker tobakk eller ein kartong sigaretter. Ein kan ha med seg originale cd´ar, originale filmar og Playstation 2 konsoll og originale spel . Har ein med private pengar blir dette sett inn på ein konto og kan nyttast til handling.

Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengselet?
Den innsette kan få utlevert eitt sett med klede (genser og joggebukse) samt undertøy. I tillegg til dette deler vi ut hygieneartiklar som dusjsåpe, tannkrem, tannbørste og handklede.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengselet? 
Den innsette kjem først i mottagelsen. Her vert ein registrert, visitert og gitt ei orientering om korleis det er å sitja fengsla i Vik fengsel. Effektane ein har med seg vert gått gjennom, og dei effektane som ein har lov til å ha på rommet får ein utlevert neste dag. Resten vert sett på effektlageret. Innsette får tilbod om å snakke med helse-avdelinga dersom han har behov for det. I slike høve vert dette ordna dagen etter innsetjing. Innsette kjem deretter på rommet sitt der han får utlevert effektar frå fengselet. Inntakssamtalen vert tatt så fort som mogeleg, og den innsette blir orientert om kven som blir hans kontaktbetjent.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengselet?
Både doms- og varetektsinnsatte har høve til å nytta private midler og arbeidspengar (ei øvre grense på 700 kroner i veka for innsette i avdeling med høgare sikkerhet og 800 kroner i veka for innsette i avdeling med lågare sikkerhet). Fengselet har eigen butikk. Her kan man handle varer ein gong i veka. 

Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Den innsette har anledning til å telefonere i inntil tjue minutt i veka. Alle private samtalar blir avlytta av fengselet. Samtalar med advokat, ambassade o.l. Vert ikkje avlytta. 
 
Kva for skuletilbod har fengselet?

Fengselet har vidaregåande skule. Fengselet har og ein rekke kurs som til dømes sveisekurs, truck-førarkurs, motorsagkurs o.l. Ein kan komme med ynskjer til skulen om forskjellige kurs ein ynskjer å ta. Dette kan ta litt tid å få i orden så det avhenger av domslengde o.l.
 
Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengselet?
Vik fengsel har eit variert arbeidstilbod. Vi har snekker-verkstad, mekanisk verkstad og vedproduksjon. Kvar avdeling har og ein gang-gutt som tar seg av det daglege reinhaldet. Fengselet samarbeidar med eksterne bedriftar hvor dei innsette kan bli arbeidsplassert.
 
Kva for tilbod for fritida har fengselet?
Fengselet har eget trimrom med diverse treningsapparater, tredemølle og spinningsykkel. Det finnes også et eget spinningrom. Her blir det satt opp jevnlige spinning-grupper. Det finnes egen luftegård der man kan spille fotball, volleyball o.l samt gå/løpe. Fengselet legger opp til fiske-/gåturer i fjellet og ved fjorden og andre aktiviteter som langrenn, slalom, fotball utenfor fengselet o.l.

Informasjon til besøkande

Generelt om besøk:

  • Kvar innsett kan ha to besøk pr.veke (eitt fysisk og eitt videobesøk, eller to videobesøk, eller to fysiske besøk).
  • Alle fysiske besøk bør bestillast god tid i førevegen, og som hovedregel ikkje lengre frem i tid enn to veker.
  • Alle fysiske besøk varer som hovudregel i inntil 2 klokketimar, men besøkande som kjem langveges frå kan verta tilbydd lengre besøk. 
  • Videobesøk varer som hovudregel i 1 klokketime.

Prosedyrer ved besøk til innsette:
Alle over 15 år som ynskjer å besøke innsette ved Vik fengsel må søkje om besøksløyve. Det gjeld og ved digitale besøk.

Besøkande til Vik fengsel kan søke om besøksløyve digitalt, ved å logge seg på kriminalomsorgens sjøvbetjeningsportal med elektronisk ID/bank ID. 

For dei som ikkje har elektronisk ID/bank ID er det høve til å søkje besøksløyve på papir, det vil berre ta litt lenger tid enn å levere elektronisk. 

Utanlandske statsborgarar må i tillegg levere vandelsattest frå sitt heimland på norsk eller engelsk, i tillegg til skjema for besøksløyve.

Opplysningane i skjemaet vert sendt til politiet. Fengselet får på bakgrunn av dette, eventuelle merknader frå politiet sine register. Dette dannar grunnlaget for vår vurdering om besøksløyvet vert innvilga.

Besøkende som har vorte klarert, må søkje om ny klarering etter eitt år. 

Ved spørsmål vedrørende besøksklareringen/vandelsjekk og eventuell klage på vedtak kontakt: 8515.besøksklarering@kriminalomsorg.no.

Besøkande som er godkjend kan ringe inn til fengselet for å avtale tidspunkt for besøk. Fysiske besøk og videobesøk kan bestillast på telefon 57 69 65 00 mellom kl. 09.00 - 20.00 alle dager.

Kva er besøkstidene i fengselet?
Besøk kan bestilles etter at ein har fått tilsendt besøksgodkjenning i posten, eller i sjølbetjeningsportalen. Fysiske besøk bør bestilles en veke i førevegen. Som erstatning for fysisk besøk er det tilrettelagt for videobesøk. Regler for gjennomføring av videosamtalar føl gjeldande regelverk for besøk i fengsel,  jfr. Strgjfl §31.  Du må være godkjent for besøk i Vik fengsel og du må fremvise godkjent legitimasjon ved oppstart av kvart videobesøk.

Besøkstidene i fengselet:
Mandag - fredag: 15.30 – 19.30.
Lørdag og søndag: 10.00 – 19.30. 

Ved videobesøk vert det tilrådd å vere klar minst 5 min før besøket startar for å få nytt heile besøkstimen.

Kva besøkande må ha med seg:
Fengselet vil som hovudregel be om gyldig legitimasjon, som for eksempel førarkort, pass eller bankkort med bilde i tillegg til besøksløyvet. Dette vil og normalt stå i svarbrevet. Er det grunn til tvil om identiteten kan besøkande visast vekk. Besøkande må være førebudd på at dei må gå gjennom kontrolltiltak ved ankomst. Dette kan være bruk av metallportal, bagasjeskanner og andre statiske kontrolltiltak.

Kva besøkande kan ta med seg inn i fengselet: 
Besøkande kan ha med seg mat som skal etast på besøksrommet, samt aviser og tidsskrift. Klede og liknande skal leverest til vakthavande for kontroll. Penger kan overførast til innsette sin konto (kontonummer) og merkast med innsette sitt namn. Vi ynsker ikkje å ta imot kontantar. Innsette får ikkje ta imot tobakksvarer. Dette kan berre gjevast til innsette ved fødselsdag og til jul.

Korleis vert besøkstilhøva tilrettelagt for barn:
Vik fengsel har to besøksrom, der er eit tilrettelagt for barn. Me har diverse leiker, tegnesaker og anna.

Me har eigen barneansvarleg i fengselet, som jobbar særskilt for deg som er barn/ungdom med far eller slektning/kjenning som er i fengsel. Barneansvarleg kan du kontakte dersom du har spørsmål og tankar rundt dette. Barneansvarleg skal og sørge for at tilhøva i fengselet skal vere bra for deg når du kjem på besøk. Dersom du har forslag til kva me kan gjere for at  besøka skal verte endå lettere, ynskjer me å høyra fra deg. Fengselets egen barneansvarlig kan kontaktes på telefon eller via e-post - 8515.barneansvarlig@kriminalomsorg.no.

Det er kun innsette sine eigne barn som kan kome på besøk. Ved nokre tilfeller tillet me andre barn (under 16 år), der  familietilhøva tilsier det.  Dette vert avgjort av fengelet i kvart einskild tilfelle. Innsette sine nevøar, nieser, fettere og kusiner mellom 16-18 år kan kome på besøk, men da i fylgje med føresette ved fyrste besøk. Føresett som fylger må ha besøksløyve. Fengselet vil krevja samtykkje fra begge føresette før besøk vert tillete.

Dersom du er under 16 år, må du kome saman med ei vaksen. Ungdom mellom 16-18 år kan kome på besøk åleine, men fyrste besøk må være saman med en føresett som har besøksløyve. Dersom føresette ikke kan følge, må me ha ei skriftleg stadfesting frå føresette om at du kan fylgjest av ein anna person.

Dersom du er 15 år eller eldre, vert vandelen din sjekka hjå politiet. Det betyr at fengselet spør politiet om den som søkjer har gjort noko som ikkje er lov. Fengselet ser, for eksempel, særleg alvorleg på narkotikalovbrot.