Det er Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS i Lillestrøm som utdannar fengselsbetjentar i Noreg.

nettsidene til KRUS finn du blant anna informasjon om utdanninga og opptakskrava.

Har du spørsmål om studium og opptak, kan du sende ein e-post til KRUS på opptak@krus.no

Utdanninga er lønt og medfører pliktteneste etter fullført utdanning. 

Korleis bli verksbetent?
Verksbetjentane i kriminalomsorga arbeider med vedlikehald, drift av fengselet, opplæring og sysselsetjing av innsette. For å bli verksbetjent må du ha relevant erfaring innanfor nokre av desse fagområda.

I tillegg må du ha eit grunnkurs på omkring 10 månader i fengselsfaglege kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å utføre ein forsvarleg jobb i eit fengsel. 

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS held slike kurs.