Bjørgvin fengsel ligg på Breistein i Åsane, i Bergen kommune og er eit fengsel med lågare sikkerheitsnivå. Fengselet har plass til 90 innsette fordelt på to avdelingar.

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein til fengselet?
For å komme til Bjørgvin fengsel kan du ta buss nr 37 merka Breistein frå Åsane Terminal.

Kva MÅ den dømde ha med seg?
Personen som skal møte må ha med seg gyldig legitimasjon med bilete saman med soningsinnkallinga. Det forutsettast òg at ein tar med seg eigne klede.

Kva KAN den dømde ha med seg?
Den dømde kan ha med seg toalettsaker som såpe, barbersaker, tannbørste, tannkrem eller eventuelt kjøpe dette i fengselet sin kiosk. Kontantar kan ikkje medbringast til soning. Du kan ta med bankkort eller overføre penger til kontonr 5082.05.75870. Merk overføringen med innsette sitt namn og fødselsdato. Ta med kodebrikke til bruk i nettbank, Altinn etc. BankID på mobil kan ikkje nyttast. 

Alle medisinar som medbringast med inn i fengselet vil bli oppbevart og utlevert ved lauslating. Fengselet held innsette med naudsynt medisin under opphaldet. Ta derfor med eventuelle reseptar eller skriv frå handsamande lege.

Det er ikkje tillate med privat TV, DVD, Mp3, Smartklokke, lagringseiningar eller brente CD-er. Berre analoge armbandsur er tillate. Fengselet har TV (13 kanalar) og DVD-spiller på alle rom. DVD filmar/Tv-seriar kan lånast i fengselet sitt bibliotek. Privat RiksTV kan nyttast ved bruk av RiksTV-kort og kortlesar. RiksTV-dekoder er ikkje tillate. RiksTV antennesignal finnast på alle rom. Dette utstyret kan berre nyttast på eige rom og ikkje i fellesskapet. Det er heller ikkje mogleg å låne bort private effektar til andre innsette. Ved innsetting vert det skrive ein kontrakt for bruk av RiksTV, der misleghald av kontrakten vil føre til inndraging. 

Kva får den innsette levert når han kjem til fengslet?
Innsette vil få utlevert sengetøy og handklede.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet?
Ved oppmøte kjem du fyrst i mottakinga for registrering/visitering og får ein kontaktbetjent. Deretter vert du fulgt opp til rommet ditt der du vil få ein innkomstsamtale og deretter ei omvising i fengslet. Du vil få informasjon om daglege rutinar, arbeids-, skule og program tilbod som du kan nytte under soninga.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengslet?
Innsette kan ikkje ta med seg mat eller drikke inn i fengslet ved innsettinga. Fengslet sin butikk kan nyttast til kjøp av tobakk, snus, toalettsaker, dagligvarer osv. Fengselet sin butikk er open tysdag og fredag kvar veke.

Kva for moglegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Innsette kan ringe fritt frå fengselet sine telefonautomatar innanfor telefonkioskens opningstider. Utgifter til telefonering må innsette betale sjølv.

Kva kan den innsette ha av private ting på cellene?
Innsette kan ha med seg eit begrensa antal klede og effektar. 

Skule og kurs
Åsane vidaregåande skule har ansvaret for opplæringa i Bjørgvin fengsel og Bergen fengsel. Uansett kor lenge du skal vere, ta kontakt med avdelingsleiar eller rådgjevar på skulen for å få informasjon om utdanningsmoglegheiter både under og etter soning. 

Vil du ha kontakt med skulen før innsetjing, kan du ringe 98904993 / 55956900 og be om å få snakke med ein rådgjevar i fengselsundervisninga. Har du lese– og skrivevanskar eller andre former for lærevanskar; ta dette opp med skulen slik at du kan få lagt til rette for undervisning og eksamenar på ein god måte. Skulen dekker utgifter til privatisteksamen, er med på å leggje til rette for fagprøvar, hjelper til med søknader til vidaregåande skular og til høgskular og universitet m.m.

Søknadsfristar: 
Vidaregåande skule 1.mars (særskiltsøknad 1. februar). 
Fagskole, høgskule og universitet 15. april.
Oppmelding til privatisteksamen: 1. februar og 15. september

Generell studiekompetanse:
Om du ønskjer generell studiekompetanse, eller du berre ønskjer å friske opp kunnskapane dine, er det mogleg å følge undervisninga i disse grunnleggjande faga: engelsk, naturfag, matematikk, norsk, historie, samfunnskunnskap.

Sjølvstudie:
Skulen disponerer to sjølvstudierom. Bruk av desse vert avtalt med skulen.

Bilfag:
Eit digitalt kurs der du lærer alt om bilen frå A til Å.

Restaurant og matfag:                                                               
Teori og praksis innan utdanningsprogrammet restaurant- og matfag. Vg1, Vg2, praksiskandidat/fagbrev.

Kosthald: 
Dette er eit seks vekers kurs der du lærer å lage alt frå tradisjonelle norske til internasjonale matretter. Du vil også lære om mellom anna næringsinnhald, ulike typar diettar, kosthald og trening, kosthald og ulike livsstilssjukdommar etc.

Baking og bedrift:
Her jobbar du med skulens elevbedrift ”Søtt og lekkert”. Du lærer ulike baketeknikkar m.m.

Byggfag:
Teori og praksis innan utdanningsprogrammet bygg- og anleggs-teknikk. Vg1, Vg2, praksiskandidat/fagbrev.

Spansk:
Begynnarkurs i spansk.

Excel:
Excel er eit reknearkprogram som kan vere svært nyttig. Her kan du lære alt frå å sette opp eit enkelt budsjett, til meir avanserte funksjonar som programmet har. Excel er eit veldig allsidig program, som kan ha mange forskjellige bruksområde.

Dataassistert konstruksjon (DAK):
Lær korleis du brukar digitale teikneverktøy, og korleis du kan bruke desse i til dømes 3D-printing. 

Digital biletebehandling:
Her lærer du å bruke Photoshop, med moglegheiter til å redigere bilete. Alt frå klippe, lime, farge, skuggar osb. Det blir også ein eigen fototur til Akvariet, Fløyen eller liknande for å finne gode motiv.

Friluftsliv/Treningsfag:
Her har du moglegheiter til å få individuell trening, og rettleiing til å lage treningsplan. I vinterhalvåret er det ballspel i Åsanehallen.
I sumarhalvåret vil det vere ei turgruppe, der ein mellom anna går turar på forskjellige fjelltoppar i distriktet.

Sykkelverkstad:
Reparere gamle syklar. Vedlikehald av syklar til bruk og sal. Sykkelverkstaden er også ei elevbedrift. Sykkeltrening ein gang i veka.

Musikk:
* Produksjon av digital musikk. 
* Opplæring i å spele eit instrument. 
* Bandøving (torsdag ettermiddag).
* Individuell songopplæring. Skulen har også eit tilbod på Verftet i Bergen. Her kan ein delta i bandøving når ein er i frigangsposisjon.

Workshop:
Kvart år vert det arrangert teaterworkshop som òg omfattar ein tur på teater. 

Kurs

Båtførarkurs:
På dette kurset går vi igjennom alt du treng å vite om ferdsel på sjøen. Moglegheit til å ta båtførarbevis.

Baristakurs:
Fire dagars kurs som vert arrangert av Bergen kaffibrenneri. Kurset gir baristakunnskapar i cupping, brygging og smaking av forskjellige typar kaffi. I tillegg gir det innsikt i forskjellige typar bryggemetoder og kaffibrenning. Etter avslutta baristakurs, kan du jobbe i kafeen som barista/kaffivert. For påmelding, følg med når det kjem oppslag.

Truckførarkurs:
NAV/Toyota held kurs i skuleferiane. For påmelding, følg med når det kjem oppslag.

Kva tilbod har fengselet?
Filosof:
Filosofen er ein samtalepartnar du kan snakke med om ting som er vanskeleg og utfordrande, og om du har tankar du ynskjer å setje ord på og reflektere over. Tema kan til dømes vere dommen din, identitet, endring, skam, forsoning, å reise seg igjen – det du har på hjarta. Filosofen tilbyr individuelle samtalar, men arrangerer òg filosofigrupper der ein reflekterer over sjølvvalte tema saman.
 
Forfattar:
Hos forfatteren kan du komme sjølv om du aldri har skrive ein tekst eller lest ei bok. Det blir tatt omsyn til den einskilde sine interesser og ynskjer. Skrivevanskar er inga hindring.

Kva tilbod har arbeidsverksemda i fengslet?
Arbeidsdrifta har mange typer arbeide å tilby deg. Har du særskilte interesser eller ferdigheiter er vi interessert i å få vite om dette, slik at kvardagen din kan bli mest mogleg meiningsfull for deg. Du kan sjølv velje kva du vil drive med dersom det lar seg gjere. 

Under følgjer ei oversikt over det vi kan tilby deg:

  • Reinhald
  • Vedlikehald
  • Vaskeri
  • Verktøybod
  • Hundepass
  • Bruk av maskinar
  • Kjøkkenteneste
  • Vaktmeisterarbeid
  • Utearbeid
  • Barista-kurs
  • Kaffibrenning
  • Keramikkverkstad

Kva tilbod har fengselet til rusavhengige?
Bjørgvin fengsel tilbyr Stifinnertiltaket, som er eit tverrfagleg tilbod til rusavhengige. Føremålet er å klargjere deltakaren til vidare behandling, og dessutan betre deltakaren si fysiske og psykiske helse. Det blir brukt mykje tid på fysisk aktivitet og målsettingsarbeid. Stifinnertiltaket blir drifta av eit team som er samansett av ulike faggrupper frå Kriminalomsorga, avdeling for rusmedisin ved Helse Bergen og Bergensklinikken.

Kva tilbod fritidstilbod har fengselet? 

  • Treningsrom
  • Tuftepark
  • Frisbee-Golf
  • Turløype
  • Musikkrom

Aktivitetsrom
Biljard
Bordtennis
Brettspel

Tilfredsstiller du krava til framstilling kan du delta i dei ulike fritidsgruppene. Gruppene har ein del aktivitetar som i hovudsak skjer utanfor fengselet sitt område.

  • Sykkelgruppe
  • Mosjonsgrupper
  • Fotballgruppe
  • Fjellturar

Informasjon til vitjande

Kva prosedyrar gjeld for vitjing til innsette?
Vil du ha vitjing av vener eller familie i fengslet, må dei klarerast på førehand. Dei vitjande kan søke om  vitjingstillatelse digitalt, ved å logga seg inn på kriminalomsorgens selvbetjeningsportal med elektronisk ID.  

For dei som ikkje har elektronisk ID er det framleis mogleg å søka vitjingstillatelse på papir.

Dei vitjande vil dermed motta vitjingsstillatelse som du får en kopi av. Deretter kan innsatte bestille vitjing i vakta. Heile prosessen tar omtrent 14 dagar.

Kva er vitjingstidene i fengselet?
Fengselet har to vitjingsrom. Disse kan nyttast onsdag og laurdag for avdeling K, og måndag, torsdag og søndag for avdeling L. Lengda på vitjinga er ein time per veke, og det er berre mogleg med ei vitjing i veka. Du kan ha opptil 4 personar klarert for vitjing. Nær familie blir rekna som ein person.
 
Vitjingsstider i vekedagane:
16:00 – 17:00, 17:15 -18:15, 18:30 – 19:30, 19:45 – 20:45.

Vitjingstider i helgene:
12:00 – 13:00, 13:15 – 14:15, 16:00 -17:00, 17:15 – 18:15, 18:30 – 19:30.

Videovitjing:
Som eit substitutt for fysisk vitjing er det no tilrettelagt for videovitjing med innsette. Reglar for gjennomføringa av videosamtalar følgjer gjeldande regelverk for vitjing i fengsel. 

Kva kan den vitjande ha med seg?
Dei som skal vitje deg har høve til å ta med mat som skal etast under vitjinga. Medbrakt drikke er ikkje tillate. Drikke kan kjøpast på fengselet sine brusautomatar.

Medisinar, fotoapparat, videokamera, mobiltelefon og pengar kan ikkje tas med inn av vitjande. Slike gjenstandar må avleverast før vitjinga starter. Det er høve for vitjande å levere effektar, men ikkje tobakksvarer. Tobakksvarer som medbringast må på lik linje som mat og drikke, kun benyttast under vitjinga. Effektar som skal til innsette leverast til tenestemann før vitjinga starter. Pengar må bli satt inn på fengselet sin konto via nettbank, vi tek ikkje imot kontantar. 

Korleis er tilhøve for vitjing tilrettelagd for born? 
Born under 15 år kan vitje fengslet saman med føresatte. Alle over 15 år må søke om eigen besøksløyve. Det eine vitjingsrommet er tilrettelagt for born med leiker, teiknesaker og spel med meir.