Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Open dag 25. april med informasjon om fengselsbetjentutdanninga

Ønsker du deg ein jobb som både er meiningsfull og utfordrande? Evnar du å sette grenser for andre og samtidig vise omsut og støtte for menneske i ein vanskeleg situasjon? Då bør du vurdere å søke fengselsbetjentutdanninga!

Uniformasskjorte

Utdanningssenteret for kriminalomsorga, KRUS, held open dag/ informasjonsmøte for personar som er interessert i å vite meir om fengselsbetjentutdanninga og -yrket.

Det vil blant anna informere om opptaksrav og søknadsprosess, og det vert høve for dei vitjande å snakke med fengselsbetjentar og aspirantar under utdanning. Aspirantar frå eit praksisfengsel vil gjennomføre rollespel i øvingsfengselet/celleavdelinga.

Interesserte bedast møte ved KRUS (lokalane til skulen) i Solheimsgata 21 i Lillestrøm, måndag 25.april kl. 16.30. Det er ingen påmelding til informasjonsmøtet.

Alle som ønsker å søke om opptak til fengselsbetjentutdanninga er velkomne. Vi oppmodar personar med anna språk- og kulturkompetanse enn nordisk og engelsk til å komme. Talet på utanlandske innsette i norske fengsel har auka dei seinare åra, og mangfald blant dei tilsette i kriminalomsorga er eit viktig verkemiddel for å ivareta desse.

Utlysning av årets opptak til fengselsbetjentutdanninga vil skje måndag 13.juni med søknadsfrist søndag 14.august 2016. Det er berre mogleg å søke via dei elektroniske søknadsskjema våre som blant anna vert gjort tilgjengeleg på www.krus.no.

Om du ikkje kan kome, eller du ønsker å vite meir før du kjem, anbefaler vi å sjå på KRUS sine nettsider eller Facebook-side.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk