22. mai 2012

Kriminalomsorgen region vest:

Vik fengsel

Vik fengsel

Postboks 163, 6891 Vik i Sogn
Telefon: 57 69 65 00
Telefaks: 57 69 65 01
E-post: postmottak.vik-fengsel@kriminalomsorg.no

Vik fengsel ligg i Vik kommune og er ei eining med høgt og lågare sikkerhetsnivå. Fengselet har ein ordinær kapasitet på 32 plassar.

Informasjon før straffegjennomføring

Korleis kjem ein seg til fengselet?
Vik fengsel ligg i Vik i Sogn. Hit kjem ein anten via Vikafjellet eller med ferje frå Hella eller Dragsvik til Vangsnes, som ligg ti kilometer nord for Vik. Fengselet ligg ein kilometer sør for sentrum. Hurtigbåt går kvar dag tur/retur Bergen-Vik. Det er gode bussforbindelsar.

Kva må den innsette ha med seg?
Den innsette må ha med seg soningsinnkalling og godkjend legitimasjon.

Kva kan den innsette ha med seg?
Den innsette kan bringe med seg klede, barbermaskin/høvel, tannbørste, samt anna hygieniske artiklar utanom sprayflasker og etterbarberingsvatn. Ein kan og ved innsetjing bringa med seg tobakk der dette vert oppbevart i vakta og delt ut ved behov.

Kva får den innsette utlevert?
Den innsette kan få utlevert eitt sett med klede (genser og joggebukse) samt undertøy. I tillegg til dette deler vi ut hygieneartiklar som såpe, tannkrem, tannbørste, shampo og handklede.

Har tilsette i kriminalomsorga teieplikt?
Alle som gjer teneste i kriminalomsorga, er underlagt reglane om teieplikt i forvaltningslova. Vedkommande har òg teieplikt i høve til det han eller ho i samband med tenesta får vite om tryggleiken i kriminalomsorga.

Informasjon om straffegjennomføringen

Kva skjer dei første dagane i fengselet?
Den innsette kjem først i mottakelsen. Her vert ein registrert, visitert og gitt ei orientering om korleis det er å sitja fengsla i Vik fengsel. Effektane vert gått gjennom, og ein får med seg dei effektane som ein har lov til å ha på rommet. Resten vert sett på effektlageret. Innsette får tilbod om legetime dersom han har behov for det. I slike høve vert dette ordna dagen etter innsetjing. Innsette kjem deretter på rommet sitt der han får utlevert effektar frå fengselet. Ved registrering blir den innsette orientert om kven som blir kontaktbetjenten, og inntakssamtalen vert tatt så fort som mogeleg.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengselet?
Både doms- og varetektsinnsatte har høve til å nytta private midler og arbeidspengar (ei øvre grense på 400 kroner i veka). Matvarer er ikkje tillete kjøpt, med unnatak av snop og frukt. Dette fordi vi ikkje har eigna minikjøkken for tilbreding av mat.

Kva for mogelegheiter har den innsette for telefonering?
Den innsette har anledning til å telefonere i inntil tjue minutt i veka.

Kva slags programtilbod har ein ved fengselet?
Program er tiltak i kriminalomsorga som rettar seg mot domfelte og varetektsinnsette i form av undervisning, meistringstrening og strukturerte samtalar. Programverksemda skal fremme kriminalomsorga sitt mål om å legge til rette for at den domfelte skal kunne gjere ein eigen innsats for å motverke eit kriminelt handlingsmønster. Formålet med programverksemda er å gi domfelte ny kunnskap og motivasjon til endring, samt å stimulere hans eller hennar ressursar og kompetanse til å meistre eit liv utan kriminalitet. Programma kan gjennomførast i grupper eller individuelt.

Vik fengsel har utdanna instruktør i Alternativ til vold (ATV), og dette programmet vert samkøyrt med friomsorgen i Sogn og Fjordane.

Kva for tilbod vert gitt ved arbeidsdrifta i fengselet?
Vik fengsel har eit variert arbeidstilbod. I tillegg til funksjonane som ganggutt, vaskeriarbeidar og kjøkkenteneste har vi: vedproduksjon, diverse vedlikehald, samt utplassering i bedrifter.

Kva er ein kontaktbetjent?
Ein viktig føresetnad for ei god straffegjennomføring er at dagleglivet i fengsla fungerer tilfredsstillande og byggjer opp under motivasjons- og læringsprosessar. Det viktigaste bidraget for å nå denne målsetjinga skjer i det daglege samspelet mellom innsette og tilsette. Kontaktbetjenten er ein tenestemann med eit særleg ansvar for å følgje opp den enkelte innsette under straffegjennomføringa eller varetektsopphaldet. Dette kan vere å ha ansvar for at den innsette får informasjon om fengselet og kva rettar og plikter han eller ho har, gi den innsette ei innføring i kontaktbetjenten sine oppgåver og avgrensinga av desse, gjennomføre kartlegging av problem, behov og ressursar snarast mogeleg etter innsetjinga, støtte og motivere den innsette til å arbeide konstruktivt med sitt opphald i fengselet, vere bindeleddet mellom den innsette og fengselet elles, medvirke i prosessen med å planlegge framtida og hjelpe til i kontakta med til dømes sosialkontor, arbeidskontor og skule.

Kva er ein framtidsplan?
Framtidsplanlegging er det planarbeidet kriminalomsorga tilbyr domfelte i samband med målretta straffegjennomføring. Døme på område som ein framtidsplan kan innehalde er utdanning, arbeid, fritid, forhold til rusmiddel, forhold til kriminalitet, bustad og trening på daglege gjeremål. Ein del av planen kan til dømes vere å opprette kontakt med skule eller arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV). Det er frivillig for domfelte om han eller ho ønskjer å samarbeide med kriminalomsorga om ein slik plan.

Det er eit mål for kriminalomsorga å leggje forholda til rette for at innsette skal kunne gjere ein eigeninnsats for å motverke kriminelle handlingar. Formålet med å tilby framtidsplanlegging er at den domfelte skal sikrast ei målretta og strukturert straffegjennomføring ut frå den enkelte sitt individuelle behov.

Informasjon til besøkande

Kva er rutinene ved besøk i fengselet?
På bakgrunn av tidlegare innsendt skjema med besøksynskjer, vert den innsette gitt svar på om besøkande er blitt godkjende for besøk. Llista over eventuelle besøkande vert kontrollerte/godkjent av politiet.

Kva kan besøkande ha med seg?
Besøkjande kan ha med seg mat som vert konsumert på besøksrommet, samt aviser og tidsskrifter. Klede og liknande skal leverast vakthavande for kontroll. Pengar vert levert vakthavande for registrering.

Korleis er besøkstilhøva lagt til rette for born?
Vik fengsel har eitt besøksrom, men der er ikkje serleg tilrettelagt for born. Vi tar i staden i bruk matsal og uteområde når dette let seg gjera.