Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vekst i Vik

- No kan vi endeleg konsentrere oss om det vi eigentleg skal gjere: drive fengsel, tenkje arbeidsdrift, tenkje programverksemd. Det seier Roy Stadheim, nestleiar i Vik fengsel, etter at Regjeringa i statsbudsjettet foreslår å opprette 14 nye lukka plasser ved fengselet.

Vekst i Vik Vik fengsel er eit fengsel med lang erfaring i å kjempe fram nye fengselsplasser, nedleggingstrua som dei var gjennom fleire periodar tilbake på åtti- og nittitalet. I 2004 vart det endeleg vedteke å etablere eit nybygg med 14 plassar for å erstatte plassane i det gamle fengselsbygget. Forslaget i årets statsbudsjett inneber at Vik fengsel nå får totalt 28 lukka plassar – i tillegg til dei fire åpne plassane som vart åpna i 2005.

Samarbeid
- Dette er ei satsing til stor glede - ikkje berre for tilsette i Vik fengsel, men sjølvsagt også for heile lokalsamfunnet, seier Roy Stadheim ved Vik fengsel.

- Det er viktig å få fram at regionleiinga har støtta oss hundre prosent i den kampen vi har stått i. No kan vi endeleg konsentrere oss om det vi eigentleg skal gjere: drive fengsel, tenkje arbeidsdrift, tenkje programverksemd. Allereie i dag har vi utdanna ein programinstruktør som driv programmet Alternativ til vold saman med friomsorgskontoret. Men vi skal vidare, fortel han.

- Vi er no blant anna i ferd med å gå inn i eit forpliktande samarbeid med Sogneprodukter - ein bedrift som er spesielt tilrettelagt for arbeidstakarar som av ulike grunnar har vanskar med å få innpass i den ordinære arbeidsmarknaden. Verksemda har samarbeidspartnarar over heile landet. Og vi har stor tru på at Vik fengsel vil få stor nytte av samarbeidet med Sogneprodukter. Men også at Sogneprodukter har mykje å hente gjennom samarbeidet med oss, seier Roy Stadheim.

Nær kontakt
Noko av det som kjenneteiknar Vik fengsel er den nære kontakten mellom tilsette og innsette i eit oversiktleg miljø. Dette er noko av det Roy Stadheim og dei andre tilsette ved fengselet ynskjer å ta vare på, også etter at fengselet er blitt større.

Sognefjorden er ved Vik omlag 1200 meter djup. Fjella her har toppar på godt over 1000 meter over havet. Og den nye fengselsbygningen i bygda blir dobbelt så høg som først planlagt.

Relaterte saker:
{}
{#SUBHEADLINE PREFIX='

' POSTFIX='

' /#} {Vekst i Vik} { 0+0200CAM0EOctober+0200ROctAMCEST='%Europe/Oslo. %000 %2006' +02:00REOctober1X='<00pam10 2006-10-13T01:00:00+02:00Fridayam0000="13am31Europe/Oslo">' +02:00+0200thCESTOctober1X='' /}
{}
{}
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk