Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Utvida barnetrygd for barn av innsette

Regjeringa vil gje rett til utvida barnetrygd når den eine forelderen er i fengsel.

Denne ordninga, som vart lagt fram i Ot.prp 46 (2006-2007), vil og gjelde for dei som er lenge i varetekt eller er dømd til forvaring og tvangsplassering i psykisk helsevern eller omsorg. - Vi tek sikte på at lovendringa skal tre i kraft allereie frå 1. juli i år. For dei barn og familiar dette gjeld har det stor betyding å få ordninga på plass så snart som mulig, seier barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.

Vurderingar og forslag

Retten til barnetrygd for eitt ekstra barn oppstår når den andre forelderen er i fengsel. Begge foreldra må ha budd saman med barna forut for fengslinga. I tillegg må dommen innebere fengsling utan vilkår i minst seks månader. Retten til utvida barnetrygd oppstår frå det tidspunkt soninga startar. Om den innsette slepp fri på prøve etter til dømes fem månader, vil retten til utvida barnetrygd falle bort i det den fengsla forelderen kommer ut av fengselet. Rett til utvida barnetrygd vil og gjelde på same måte når den eine forelderen er dømd til forvaring, og ved tvangsoverføring til psykisk helsevern eller omsorg og den dømde forelderen av den grunn ikkje kan bu saman med ektefellen eller sambuaren. Retten til utvida barnetrygd skal i tillegg gjelde når den eine forelderen er varetektsfengsla i meir enn seks månader. Utvida barnetrygd vil oppstå frå og med sjuande månad i varetekt. Regjeringa ønskjer ikkje å knytte behovsprøving til ordninga. For tilfeller der ektefellen eller sambuaren er under soning når endringa trer i kraft, kan utvida barnetrygd innrømmast for den resterande delen av soninga. Føresetnaden er at dommen gjeld for ein periode på minst seks månader.
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk