Samla oversikt over forslag i stortingsmeldinga
18. desember 2006 handsama Stortinget ei melding om alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar. Her er ei samla oversikt over forslag frå regjeringa i stortingsmeldinga.
Innhald
- Det er eit mål både ved straffeutmåling og val av reaksjon å ikkje bruke eit strengare verkemiddel enn det som er strengt nødvendig for å skjerme samfunnet. Dette prinsippet må liggje til grunn for all bruk av straff overfor barn og unge.
- Regjeringa vil foreslå ei avgrensing i gjeldande straffelov som går ut på at den som var under 18 år på handlingstidspunktet, kan bli dømd til fengsel utan vilkår berre når det er særleg påkravd. Regjeringa vil også foreslå eit forbod mot at fengselsstraffa for desse lovbrytarane kan overstige 8 år.
- Det må utviklast eit breitt spekter av alternative reaksjonar til fengsel, og bruken av reaksjonane må tilpassast typen lovbrot og situasjonen til den unge.
- Regjeringa foreslår eit forbod mot å pågripe og fengsle personar under 16 år, og eit forbod mot å fengsle personar under 18 år for meir enn ei veke om gongen. Regjeringa vil også vurdere om det bør setjast ei øvre grense for kor lenge nokon under 18 år kan bli sitjande i varetekt.
- Regjeringa går inn for å lovfeste eit forbod mot at personar under 18 år kan utsetjast for fullstendig isolasjon i varetekt.
- Dersom behovet for fengsling er til stades, skal hovudregelen vere bruk av fengslingssurrogat framfor fengsel når den sikta er under 18 år. Regjeringa ønskjer at barnevernsinstitusjonar i stor grad skal brukast som fengslingssurrogat. Regjeringa meiner det er viktig å få på plass eigna fengslingssurrogat for barn og unge mellom 16 og 18 år der den unge ikkje blir halden isolert, og der personellet har relevant kunnskap og erfaring.
- Regjeringa vil vurdere å endre vilkåret i straffeprosesslova § 188 om samtykke for plassering i institusjon eller kommunal bueining slik at Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) får ei plikt til å stille institusjonsplass til disposisjon dersom vilkåra etter barnevernlova er oppfylte.
- Regjeringa vil arbeide for at personundersøkinga skal bli eit sentralt og gjennomgåande dokument i arbeidet med unge som skal følgje barnet frå etterforskinga er avslutta, til straffa er gjennomført. Personundersøkinga skal vere obligatorisk der unge lovbrytarar under 18 år er sikta i ei straffesak.
- Regjeringa vurderer å endre barnevernlova slik at barnevernet kan påleggjast ei plikt til å peike ut mentor.
- Konfliktrådsordninga bør etter regjeringa si meining gjerast obligatorisk slik at påtalemakta skal påleggjast å overføre saker til konfliktrådet når gjerningspersonen er under 18 år. Regjeringa vil komme tilbake til ei nærare avgrensing når eit lovforslag blir sendt ut på høyring.
- Regjeringa vil vurdere å endre straffelova slik at domstolane i saker der ungdom mellom 15 og 18 år vil bli dømde til ei fengselsstraff på vilkår, blir pålagde å vurdere om det bør setjast vilkår som er særleg eigna til å ha ein rehabiliterande verknad.
- Regjeringa går inn for at samfunnsstraff som alternativ reaksjonsform skal aukast, og særleg overfor unge lovbrytarar må samfunnsstraffa brukast meir.
- Gjeldande regelverk opnar både for påtaleavkall med vilkår og vilkårsdom der tiltak etter barnevernlova høyrer med. Dessutan opnar gjeldande regelverk for varetekt og soning i barnevernsinstitusjon. Regjeringa vil ta initiativ til å sjå nærare på om desse ordningane blir brukte ofte nok. Målet med ein slik gjennomgang er å identifisere hindringar slik at ordningane kan takast oftare i bruk.
- For å sikre nærleik til familie, nærmiljø og lokalt nettverk vil regjeringa gi fengsels- og varetektsinnsette under 18 år eit spesialtilpassa tilbod i kvar av dei seks regionane til kriminalomsorga.
- Hovudregelen i dei tilfella der fengsel utan vilkår er nødvendig, skal vere open soning, men slik at fridomsstraffa tidlegast mogleg blir erstatta av andre og mindre inngripande soningsformer.
- Det er viktig å utvikle gode mottaksrutinar spesielt tilpassa behova til dei unge og etablere ansvarsgrupper så raskt som mogleg etter innsetjinga. Meininga med ansvarsgrupper er å leggje til rette for gode og varige tiltak etter lauslatinga.
- Regjeringa går inn for ein meir aktiv bruk av overføringar etter straffegjennomføringslova § 12 og § 16 og vil foreslå å endre § 16 for å gjere ordninga med gjennomføring av straff utanfor fengsel meir tilgjengeleg for unge domfelte.
- Vilkåra i straffegjennomføringslova § 42 må mjukast opp slik at føresegnene om prøvelauslating blir lettare å bruke for barn og unge under 18 år.
- Regjeringa vil gjennomføre eit pilotprosjekt for unge lovbrytarar med utgangspunkt i den svenske KrAmi-modellen.
- Regjeringa vil innføre ein tilbakeføringsgaranti for tett oppfølging frå ulike etatar ved lauslating.
- Regjeringa vil prøve ut ei ordning med oppfølgingsgrupper for å sikre god og tverrfagleg oppfølging etter lauslating frå fengsel.
- Oppfølginga av unge lovbrytarar vil i fleire tilfelle krevje meir personell enn andre grupper. Bemanningsnivået vil vere avhengig av den konkrete utforminga og bruken av dei ulike tiltaka. Regjeringa vil komme tilbake til korleis løyvingane skal tilpassast i samband med dei årlege budsjetta.
- Kompetansen hos samarbeidande profesjonar må styrkjast.
- Regjeringa går inn for å utvikle rutinar for korleis foreldre, politi, barnevern, skule, helsevesen, domstolar og kriminalomsorga skal samarbeide når barn og unge bryt lova.
- Regjeringa foreslår at det bør utviklast eit tettare samarbeid mellom rettsvesen og barnevern. Straffelova og barnevernlova bør gjennomgåast med tanke på å få dette til.
- Personundersøking, individuell plan og etablering av ei mentorordning skal vere sentrale element for å sikre ei individuell og heilskapleg oppfølging av unge lovbrytarar i fengsel. Det er viktig at dei planane som kriminalomsorga har sjølv, blir samordna med den individuelle planen etter helse- og sosiallovgivinga som for mange av dei aktuelle personane bør liggje føre og vere operative ved lauslating.
- Regjeringa vil stimulere til ytterlegare forsking om unge lovbrytarar, inkludert bruken av straff og tvang og effekten av dette. Forskinga bør også omfatte unge lovbrytarar med minoritetsbakgrunn, som er ei særleg utsett gruppe.
- Det er nødvendig at prinsipp og metodar for arbeidet med unge lovbrytarar blir drøfta breitt og tverrfagleg. Regjeringa vil setje i gang eit slikt arbeid.
- Regjeringa foreslår å setje ned eit utval som skal komme med forslag til alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar. Det vil høyre med til mandatet til dette utvalet å vurdere om det kan vere formålstenleg å leggje om i retning av eit mogleg einspora system med ein prosess der ein eller fleire reaksjonar blir fastsette samtidig for unge lovbrytarar under 18 år. Utvalet skal i vurderinga av forslag til alternative straffereaksjonar ta omsyn til at svært mange av dei unge lovbrytarane som sit i fengsel per i dag, har utanlandsk bakgrunn, og ta omsyn til dei særskilte behova som denne gruppa kan ha.


Skriv ut artikkel
