Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Satsar på kriminalomsorga

Statsbudsjettet 2008:

Regjeringa kallar det ei ”storsatsing på kriminalomsorga” og foreslår å auke dei samla løyvingane med om lag 630 millionar kroner i 2008.
Trondheim fengsel
Fulle fengsel i fleire år har vore ei belastning for bygningane og dei tilsette. Regjeringa foreslår difor å auke budsjettet til drift i kriminalomsorga med 20 millionar kroner. – Vi vil sikre høg kapasitet og samstundes ivareta arbeidsmiljø og tryggleiken til innsette og tilsette på eit godt vis, seier justisminister Knut Storberget i ei pressemelding. Regjeringa vil òg løyve 20 millionar kroner meir til naudsynt vedlikehald ved Ullersmo fengsel.

77 nye plassar

Sidan juni 2006 er køen for fengselsstraff meir enn halvert. 28. september 2007 var køen på 1350 dommar. – Regjeringa er på rett veg, men målet i Soria Moria-erklæringa om å avvikle soningskøa i perioden er enno ikkje nådd, seier Storberget. I statsbudsjettet som vart lagt fram i dag, foreslår regjeringa å opprette 77 nye fengselsplassar. Med desse plassane vil nær 400 nye fengselsplassar ha blitt oppretta dei siste tre åra. I tillegg vil Halden fengsel gje 251 nye fengselsplassar når fengselet står klart til bruk våren 2010. Regjeringa vil òg utvide satsinga på tilbodet til forvaringsdømde. 10 av dei 77 plassane er ei ny avdeling for forvaringsdømde i Trondheim.

Straffegjennomføring med elektronisk kontroll

Regjeringa vil vidare sette i verk eit prøveprosjekt i heile landet med straffegjennomføring med elektronisk kontroll. Dette vil etter ei tid gje ein kapasitet som svarer til om lag 130 fengselsplassar. Regjeringa vil løyve ein million kroner til behandlingsplassar for innsette kvinner med rusproblem ved Tyrilistiftelsen Frankmotunet i Folldal. Ei auka løyving på 100 millionar til rustiltak på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett vil òg kome innsette rusmiddelavhengige med pasientrettar til gode. – Med løyvingane vil fleire innsette få behandling for rusproblemer og bli betre rusta til eit liv utan kriminalitet, seier justisministeren.

Rekordhøg betentutdanning

For å sikre tilgangen på fagutdanna personell vil opptaket til fengselsbetentutdanninga ved Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) bli rekordhøgt i 2008. Regjeringa vil i tillegg til eit ordinært opptak på 150 aspirantar, ta opp 100 aspirantar ekstra i 2008. Opptaket til KRUS vil dermed ha auka frå 100 aspirantar i 2005 til 250 aspirantar i 2008. – Med ekstra opptak både i 2006 og 2007 vil om lag 500 nye fengselsbetenter være under utdanning ved KRUS i 2008 – det høgste talet nokon gong, seier Knut Storberget. I tillegg vil regjeringa auke løyvingane til opplæring, bibliotek, kulturtiltak, fengselspresteteneste og helseteneste for innsette på Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet sine budsjett. Løyvingane skal styrke kvaliteten på straffegjennomføringa og hindre tilbakefall til ny kriminalitet.

Satsinga på kriminalomsorga i 2008 skal mellom anna gå til:

  • heilårsverknad av kapasitetsutvidingar frå 2007 og 77 fleire fengselsplassar i 2008. (til saman om lag 105 millionar kroner).
    • Trondheim fengsel: Ny avdeling for forvaringsdømde, 10 forvaringsplassar.
    • Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt: 11 plasser med høgt tryggleiksnivå.
    • Gjøvik og Vestre Slidre fengsel: 7 nye plasser - 2 med høgt tryggleiksnivå og 5 med lågare tryggleiksnivå.
    • Ravneberget fengsel: Netto 7 nye plasser – 9 nye plasser med lågare tryggleiksnivå ved Ravneberget fengsel. Bortfall av to plassar ved Sandefjord fengsel som gjerast om til overgangsbolig.
    • Vik fengsel: 7 plasser med lågare tryggleiksnivå.
    • Evjemoen: 20 plasser med lågare tryggleiksnivå.
    • overgangsbolig i Kristiansand: 15 plasser med lågare tryggleiksnivå.
  • auke bruken av straffegjennomføring i institusjon for innsette kvinner med rusproblem (1 million på justisbudsjettet, 100 millionar til rustiltak på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet).
  • straffegjennomføring med elektronisk kontroll (40 millionar kroner).
  • auka driftsramme til kriminalomsorga (20 millionar kroner).
  • auka løyving til vedlikehald ved Ullersmo fengsel (20 millionar kroner).
  • tilbod for domfelte/innsette (om lag 14 millionar kroner under Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet).
  • heilårsverknaden av auka klasseopptak ved KRUS i 2006-2007 og eit ekstra opptak av 100 aspirantar i 2008 (36 millionar kroner).
  • vidareføring av bygging av Halden fengsel (530 millionar kroner i 2008, ei auke på 395 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2007).
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk