Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rapport om utdanning i fengsel

Rapporten «Norske innsette: Utdanningsmotivasjon og hinder for utdanning i fengsel» vart nyleg utgjeve av Fylkesmannen i Hordaland. Han handlar om kva som motiverer innsette til å ta til på eit utdanningsløp, og kva dei sjølve ser som hinder. 

Forside rapport

Sidene 15 – 17 gjev eit samandrag av hovudfunna i rapporten.

Rapporten er skreve av Terje Manger frå Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen, Ole Johan Eikeland frå Eikeland forsking og undervising og Arve Asbjørnsen frå Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Universitetet i Bergen.

Den byggjer primært på ei innsamling av data i norske fengsel hausten 2015.

Innsette i fengsel har same rett til utdanning og opplæring som alle andre borgarar i Noreg.

Fylkesmannen i Hordaland har det nasjonale ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorgen.

Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla, mens dei lokale vidaregåande skular har det praktiske ansvaret for opplæringa.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk