Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opplæring innanfor kriminalomsorga i 2006

Årsrapport frå Fylkesmannen i Hordaland:

Talet på innsette som fekk tilbod om opplæring, auka ifjor. Samtidig er det store utfordringar knytt til undervisningslokale og utvikling av digital kompetanse.
Opplæring i kriminalomsorga
Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga utarbeider kvart år ein samlande nasjonal rapport om opplæringa innanfor kriminalomsorga. Rapporten for 2006 ligg no føre og inneheld oppsummeringar av tilbakemeldingar gitt frå skolane på ulike sider ved opplæringa.

Fleire elevplassar

I 2006 har fleire fengsel fått auka soningskapasitet, og det har blitt etablert opplæring i fire nye fengsel. Dette inneber at talet på elevplassar har auka ein heil del. - Det har vore ei positiv utvikling i talet på avslutta fagprøvar, men det er framleis eit stort utviklingspotensiale i samarbeidet mellom skole og arbeidsdrift. Dette gjeld mellom anna det å utnytta verkstadane som er godkjende som lærebedrifter betre. Det er generelt forbetringspotensiale med tanke på utvikling av forvaltningssamarbeidet. Særleg gjeld dette samarbeidet omkring programverksemda og planarbeidet, skriv utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde i rapporten.

Dårlege undervisningslokale

Rapporteringa frå skolane viser og at mange skolar har dårlege undervisningslokale. Dette gjer det vanskeleg å nytta ressursane til opplæring på ein god måte, meiner ho. - I somme fengsel stiller kriminalomsorga tilfredstillande undervisningslokale til disposisjon. I mange fengsel er likevel tilhøva slik at skolen har behov for større undervisningslokale eller at lokala har behov for opprusting. For ein del skular er tilhøva slik at ein ikkje greier å nytta ressursane på ein tilfredstillande måte slik at de innsette som har rett til opplæring, ikkje får innfridd rettane sine, heiter det i rapporten.

Digital kompetanse

Skolane har og gitt tilbakemelding på korleis prioriterte område frå Stortingsmelding nr. 27 blir fylgd opp, og Fylkesmannen i Hordaland ser mellom anna at utviklinga mot auka vekt på opplæring i yrkesfag er i tråd med meldinga.

- Når det gjeld IKT, peikar rapporten på at opplæringstilbodet i fengsla ligg langt tilbake for det som er styresmaktene si uttrykte målsetting for digital kompetanse på alle nivå i det norske skoleverket slik det er uttrykt i ”Program for digital kompetanse 2004 – 2005”. Det vil vera svært viktig å arbeida vidare med tilrettelegging på dette området dersom ikkje opplæringverksemda i fengsla skal verta ei ”annanrangs” utdanning, skriv utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde.


UNDERVISNINGSTILBODET I KRIMINALOMSORGA:
  • Innsette har i utgangspunktet same rett til tenester og tilbod som folkesetnaden elles. Sosiale tenester, helsetenester, undervisning og kulturtilbod vert difor ytt til innsette av dei same offentlige etatane som elles har ansvaret for dette i samfunnet.
  • Fylkesmannen i Hordaland har ansvaret for opplæringa som skjer innanfor kriminalomsorga i heile landet. Fylkesmannen i Hordaland fordeler midlar til fylkeskommunane, som står for sjølve opplæringa.
  • Alle som gjennomfører fengselsstraff i Noreg, skal tilbake til eit liv ute i samfunnet. Dei generelle måla for opplæring er av den grunn også heilt sentrale for undervisningstilbodet i kriminalomsorga. Skulen skal gi kunnskap som gjer den enkelte i stand til å utnytte sine evner og realisere sine visjonar. Den skal formidle verdiar slik at den enkelte kan ta ansvar for seg sjølv og sine medmenneske, og den skal sette elevane i stand til å yte i arbeid og utvikling av samfunnet.
  • Opplæringslova gir unge og vaksne etter nærare reglar, rett og plikt til opplæring på grunnskolenivå, rett til vidaregåande opplæring, og rett til ny grunnskuleopplæring og spesialundervisning. Opplæringa som vert gitt innsette, er et viktig bidrag til kvalifisering for arbeid eller vidare utdanning etter gjennomført straff. Eit overordna prinsipp er at undervisning som har starta i fengsel, skal føljast opp av den ordinære skuleverksemda i samfunnet.
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk