Om medisinering før og under rettssaker
2010-01-18
Fengselsdirektør Ketil Schreiner Evjen (arkivfoto) og overlege Olav Ervik ynskjer sentrale retningsliner for medisinering før og under rettssaker (foto: Øystein Hauge)
- Det er med stor bekymring vi ser at personar som vert framstilt i retten, både som tiltalt og som vitne, er så tungt medisinerte at dei ikkje har føresetnadar for å fylgje med i retten, skriv dei i ei bekymringsmelding til Politi- og Justisdepartementet. Og syner i oversendinga til døme der innsette eller vitne har vore så sterkt medisinerte at dei hugsar dårleg og heller ikkje har vore i stand til å forsvara seg i retten.
Og i eit nyhendeoppslag i Radio P4 seier overlege Ervik at tida no er inne for å sjå på dette som eit rettstryggleiksproblem all den tid medisineringa kan føre til betydelig minnetap - i tillegg til at evna til å fylgje med under saka vert redusert.
Samtidig er det eit paradoks at om den som møter i retten har drukke alkohol så vert han bortvist, mens medikamentell behandling finn stad utan at det vert stilt spørsmål ved dette, heiter det vidare frå Ervik og Evjen.
No ynskjer fengselet sentrale retningsliner for medisinering før og under rettssaker - av omsyn til folks rettstryggleik.
Høyr radioinnslaget under P4 sine nettsider her: http://www.p4.no/story.aspx?id=334214#%23



Skriv ut artikkel
