I Årsmelding 2009 frå Statsbygg:
Om 1850-modellane
2010-04-07
I Årsmelding 2009 frå Statsbygg skriv statsråd Knut Storberget om fengsla bygd midt på attenhundretalet - her representert ved Ålesund fengsel (byggeår 1864). Andre fengsel frå same perioden finn vi i m.a. Arendal, Vik, Kongsvinger, Gjøvik, Hamar, Eidsberg, Sandefjord, Fredrikstad og Larvik.
Statsråd Knut Storberget gir i Årsmelding 2009 frå Statsbygg eit historisk oversyn over korleis samspelet mellom kriminalpolitikk og arkitektur manifesterte seg i den daglege straffegjennomføringa allereie midt på 1800-talet. Men som utgangspunkt for moderne straffegjennomføring representerer denne gamle bygningsmassen betydelege utfordringar:
- Mange fengselsbygg er så gamle og utformet på en slik måte at det er vanskelig å drive god rehabilitering. Derfor må vi bygge om – og bygge nytt - for å få på plass lokaler som gjør at vi kan drive de aktivitetene vi ønsker. Skriv Storberget i artikkelen.
Og syner til at ei av hovudoppgåvene til kriminalomsorgen er å legge tilrette for at andre etat kan starte arbeidet sitt med den innsette inne i fengselet. Gjennom arbeidskvalifisering, skule, kulturtilbod, fritidsaktivitetar og motivasjonsarbeid. Og der den innsette sjølv kan ha direkte kontakt med etat som NAV, Husbanken, frivillige organisasjonar o.a.
Les heile artikkelen her!



Skriv ut artikkel
