Varsling til fornærma og etterlatne

Dersom domfelte skal gjennomføre straff utanfor fengsel, får frigang, permisjon eller blir lauslatne, og det truleg er av interesse for fornærma eller etterlatne å få kjennskap til dette, skal det varslast om avgjerda. Føremålet med slik varsling er å gje dei det vedkjem, informasjon om at domfelte kan treffast på.

Kriminalomsorga gjer ei vurdering av om varsel skal gjevast i det einskilde tilfellet, sjå nærare om vurderingsmomenta for avgjerda i retningslinjene til straffegjennomføringslova pkt. 7B. Varsling av fornærmede eller dennes etterlatte.

Dei det vedkjem, skal få uttale seg om dei ønskjer slik varsling eller ikkje.

Hjelp til offer for kriminalitet

Kontoret for valdsoffererstatning
Behandlar søknader om valdsoffererstatning og er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Justis- og beredskapsdepartementet 

Politiet
Oversikt over rettar for fornærma eller pårørande 
Oversikt over støttesenter for kriminalitetsutsatte