Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nytt fengsel og fleire fengselsbetjentar

Regjeringa føreslår oppstart av byggeprosjekt med nytt fengsel i Agder og at opptaket til fengselsbetjentutdanninga aukas med tre klasser.

skorte med emblem-1_2834x1888

Det kjem fram i framlegget til revidert nasjonalbudsjett for 2017, som vart offentleggjort torsdag 11. mai.

Det nye fengselet i Agder får to avdelingar, ei med 200 plassar i Froland kommune og ei med 100 plassar i Mandal. Administrasjonen vert lagt til avdelinga i Mandal. Nye Agder fengsel skal bidra til å dekke behovet for kapasitet til straffegjennomføring for å unngå soningskø og sikre at politiet får nok varetektsplassar.

Regjeringa vil ha godt kvalifiserte fengselsbetjentar i det nye fengselet, og føreslår difor å bruke 19,7 mill. kroner til å auke opptaket ved Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS i 2017. Opptak av tre ekstra klasser kjem i tillegg til sju klasser som frå før er tekne opp i 2017.

Med dei nye klassane vil 250 fengselsbetjentar vere ferdig utdanna i 2019-2020 når fengsla i Mandal og Froland står ferdige.

 

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk