Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nye aspirantar på plass

Aspirantkullet 2016-17 hadde i går sin første arbeids- og studiedag ved Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) i Lillestrøm.

Aspirantkull 2016-2017

Dagen starta med ei rekkje velkomsthelsingar og meldingar, frå både administrasjonen ved KRUS og frå direktør Hans-Jørgen Brucker.

Det var òg ein kort presentasjon der dei emneansvarlege for emna studiet består av fekk nokre minutt kvar til å presentera fagområdet sitt.

Dekan ved studieavdelinga, Kjersti Hove, gav dei nye studentane eit oversyn over nokon av dei viktige overordna dokumenta for utdanninga, som studieplanen, aspirantforskrifta og straffegjennomføringsloven.

Hove snakka òg om det spesielle ved studiet, ved at det er ein veksling mellom teori og praksis, der ho understreka viktigheita av at studentane vert i stand til å kopla samanhengen mellom teori og praksis, sjølv om arbeidskvardagen i praksis kan synast langt unna den teorien skildrar. Hove understreka òg at sjølv om den forventa studieinnsatsen er estimert til ca. 40 timar per veke, så er det det å oppnå læringsmåla som er det viktige, sjølv om dette kan gjera at enkelte vil måtta bruka ekstra tid ut over «normalveka».

Til slutt kom Hove med ei oppfordring til studentane om å gjera eit aktivt val når det gjeld kven dei ynskjer å vera og kva for ein rolla dei vil ta i studiemiljøet.

Fakta om aspirantane:

  • Totalt 175 personar 
  • 54 prosent menn og 46 prosent kvinner 
  • Snittalder: 26 år og 8 månader (alder mellom 20 og 49 år) 
  • Over 40 prosent har erfaring frå kriminalomsorgen i form av at dei har vore vikarar 
  • Litt over ein tredjedel har studiepoeng frå tidlegare 
  • Samla sett har studentane språkkompetanse innan blant anna urdu, russisk, arabisk, bengali, hindi, albansk, kinesisk og samisk 
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk