Ny rapport om utdanning og arbeid
2010-02-19
Det er Fylkesmannen i Hordaland som no legg fram rapporten med dei heller nedslåande tala - eit dokument som har fått tittelen Innsette i norske fengsel: Kompetanse gjennom utdanning og arbeid. Men rapporten syner også at elevane er godt nøgde med utdanninga i fengselet.
- Det å mestre skole gir en enormt god selvfølelse, seier ein av dei innsette som vi møter i NRK-intervjuet under.
Utdanning i fengsel har då også vore eit satsingsområde for regjeringa dei seinare åra, og rapporten over er å sjå på som ei oppfølging av to landsomfattande undersøkingar i 2004 og 2006. Innsastsen i høve til utdanning og opplæring av innsette er også nært knytt til arbeidet rundt Tilbakeføringsgarantien. Undersøkinga (fullversjon for nedlasting under) er gjennomført av fagsjef Ole-Johan Eikeland (Eikeland forsking og undervisning) og professorane Terje Manger og Arve Asbjørnsen (Forskingsgruppa for kognisjon og læring, Universitetet i Bergen).
Oppdragsgjevaren har vore Fylkesmannen i Hordaland, som er gitt det nasjonale ansvaret for opplæring innanfor kriminalomsorga.



Skriv ut artikkel
