Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Motiv for utdanning i fengsel

Kvifor tek innsette utdanning i fengsel, og kva opplever dei som hinder for å ta ei slik utdanning? Dette er tema i ein ny rapport frå Fylkesmannen i Hordaland. Undersøkinga, som omfattar alle innsette over 18 år i norske fengsel, er den andre i ein serie av tre rapportar om innsette og utdanning i norske fengsel.


UNDERVISNINGSTILBODET I KRIMINALOMSORGA:
  • Innsette har i utgangspunktet same rett til tenester og tilbod som folkesetnaden elles. Sosiale tenester, helsetenester, undervisning og kulturtilbod vert difor ytt til innsette av dei same offentlige etatane som elles har ansvaret for dette i samfunnet.
  • Fylkesmannen i Hordaland har ansvaret for opplæringa som skjer innanfor kriminalomsorga i heile landet. Fylkesmannen i Hordaland fordeler midlar til fylkeskommunane, som står for sjølve opplæringa.
  • Alle som gjennomfører fengselsstraff i Noreg, skal tilbake til eit liv ute i samfunnet. Dei generelle måla for opplæring er av den grunn også heilt sentrale for undervisningstilbodet i kriminalomsorga. Skulen skal gi kunnskap som gjer den enkelte i stand til å utnytte sine evner og realisere sine visjonar. Den skal formidle verdiar slik at den enkelte kan ta ansvar for seg sjølv og sine medmenneske, og den skal sette elevane i stand til å yte i arbeid og utvikling av samfunnet.
  • Opplæringslova gir unge og vaksne etter nærare reglar, rett og plikt til opplæring på grunnskolenivå, rett til vidaregåande opplæring, og rett til ny grunnskuleopplæring og spesialundervisning. Opplæringa som vert gitt innsette, er et viktig bidrag til kvalifisering for arbeid eller vidare utdanning etter gjennomført straff. Eit overordna prinsipp er at undervisning som har starta i fengsel, skal føljast opp av den ordinære skuleverksemda i samfunnet.
I rapporten Innsette i norske fengsel: Motiv for utdanning går det fram at endring og meistring av framtida er den viktigaste motivasjonskategorien for å ta utdanning i fengsel. Dei innsette nemner vidare tre barrierar mot å gå på skule i fengsel, tre einskildgrunnar som veg om lag likt: fengslet hadde ikkje opplæringstilbod; dei fekk ikkje informasjon om utdanning i fengslet; fengslet hadde ikkje utdanningstilbod som passa for dei. Kvar av desse tre grunnane blei oppgitt av om lag 20 prosent av dei spurde.

Ønskjer utdanning
Ei tidlegare undersøking frå Fylkesmannen i Hordaland viser at dei innsette ønskjer utdanning i fengsel. Nesten seksti prosent av innsette i fengsel med skule og over førti prosent av innsette i fengsel utan skule har minst eitt utdanningsønske. Yrkesfagleg opplæring står øvst på ønskelista. Av dei som ønskjer seg vidaregåande opplæring, er det to tredelar som vil ha yrkesfagleg studieretning. Det er berre ein firedel som seier dei vil ha allmenne, økonomiske og administrative fag.

Hovudpunkt
Kartlegginga er gjennomført av fagsjef Ole-Johan Eikeland (Eikeland forsking og undervising), professor Terje Manger (Universitetet i Bergen), førsteamanuensis Åge Diseth (Universitetet i Bergen) og Hilde Hetland (Universitetet i Bergen) etter oppdrag frå Fylkesmannen i Hordaland. 2250 innsette svarde på spørjeskjemaet, ein svarprosent på 71,1 av dei som fekk skjemaet 2. - 9. februar 2006.

Nedanfor er dei viktigaste funna samanfatta:
  • Desse tre einskildgrunnane vart nemnde av flest innsette som 'svært viktige' grunnar til å ta utdanning i fengsel: 1) 'for å nytta tida til noko fornuftig og nyttig', 2) 'for å tileigna meg fagleg kunnskap' og 3) 'for å lettare å få jobb etter avslutta soning'.
  • Ein faktoranalyse av femten einskildgrunnar for å ta utdanning samanfatta grunnane i tre motivasjonskategoriar: 1) grunnar som hadde å gjera med endring og meistring av framtida, 2) sosiale og situasjonsprega grunnar og 3) grunnar som gjaldt tileigning av kunnskapar og dugleik.
  • 'Endring og meistring av framtida' var den viktigaste motivasjonskategorien. Statistisk forklarte han meir av variasjonen i dei innsette sine svar enn dei andre kategoriane til saman.
  • Innsette med låg og høg utdanning var ikkje signifikant ulikt motiverte for endring og meistring av framtida.
  • Innsette med låg utdanning var signifikant meir motiverte av sosiale og situasjonsprega grunnar enn innsette med høg utdanning.
  • Innsette med høg utdanning var signifikant meir motiverte av ønske om å tileigna seg kunnskapar og dugleik enn innsette med låg utdanning.
  • Ein femdel av dei innsette som ikkje tok utdanning i fengsel kryssa av for at ein grunn til at dei ikkje tok utdanning var at fengslet ikkje hadde utdanningstilbod.
  • Nær ein femdel kryssa av for at ein grunn til at dei ikkje tok utdanning var at dei ikkje fekk informasjon om utdanning i fengslet.
  • Nær ein femdel kryssa av for at ein grunn til at dei ikkje tok utdanning var at fengslet ikkje hadde utdanningstilbod som passa dei.
  • Nær ein femdel kryssa av for at ein grunn til at dei ikkje tok utdanning var at fengslet ikkje hadde utdanningstilbod som passa dei.
Les rapporten: Relaterte artikler:
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk