Lyderhorn Overgangsbolig ligg i Bergen kommune og er eit fengsel med lav trygging. Overgangsbustaden har rom til 16 bebuarar, både kvinner og menn, men kan ha inntil 18 bebuarar då 2 av hyblane er lagt til rette for at par kan sona saman. Straffedømde kan ikkje starte soninga i overgangsbustaden, men kan overførast frå fengsel med høgare eller lågare tryggingsnivå når ein del av straffa er gjennomført.

Overgangsbustaden gjev førerang til straffedømde som har særlig bruk for bu- og/eller sosial trening, planlegging av lauslating, nettverksamarbeid m.a. Alle bebuarar må ha frigang til skule eller arbeid og må være villig til å arbeida nært med andre forvaltningsorgan når dette er naudsynt for å førebu overgangen frå fengsel til fridom.

Informasjon før gjennomføing av straffa

Korleis kjem ein til overgangbustaden?
Buss nr. 17 til Gravdal frå Bergen sentrum.

Kva MÅ den dømde ha med seg?
Personlige hygieneartiklar , sengeklede , klede, mat og pengar. Ved behov for økonomisk hjelp må NAV sine ressursar nyttas.

Kva KAN den dømde ha med seg?
TV, musikkanlegg, PC , spillkonsoll, bøker m.a. Ein må rette ein søknad til overgangsbustaden om en ynskjer å ha større ting som eigne møblar på hybelen. Om en nyttar eigen bil eller motorsykkel kan ein søka om å få parkere dei i garasjeanlegget.

Kva får den innsette levert når han/ho kjem til overgangbustaden?
Nøkkel til eigen hybel som inneheld det mest naudsynte utstyr samt eige kjøkken og bad.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i overgangbustaden?
Gjennomgang og signering av husleigekontrakt, samtykkjeerklæring, branninstruks, m.m. Gjennomgang av rutinar . Tildeling av hovedkontakt og informasjon om nærområdet.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i overgangbustaden?
Ikkje noko. Bebuarar handlar i vanlege butikkar når dei treng noko.

Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Alle bebuarar kan nytte privat mobiltelefon når dei har signert ein avtale om bruk av denne.

Kva for skuletilbod har overgangbustaden?
Overgangsbustaden har ikkje eigt skuletilbod. Bebuarane har frigang til skule.

Kva for tilbod har arbeidsverksemda i overgangbustaden?
Overgangsbustaden har ikkje eige arbeidstilbod. Bebuarane har frigang til arbeid.

Kva for tilbod for fritida har overgangbustaden?
Bebuarane brukar det som finnes av kulturtilbod i nærområdet og kommunen elles. Dei får permisjonar eller frigang til dette.

Anna som er spesielt for overgangsbustaden:
Bebuarar dekker sjølve alle personlege utgifter (mat, klede, hushaldningsartiklar m.m.). Bebuarar med inntekt betalar husleige.

Informasjon til besøkende

Alle over 15 år som ønsker å besøke beboere ved Lyderhorn overgangsbolig må søke om besøkstillatelse. Barn under 15 år må ha følge av foresatte eller en voksen med skriftlig tillatelse av foresatte. Dersom du er 15 år eller eldre blir vandelen din sjekket hos politiet. Besøkende kan søke om besøkstillatelse digitalt, ved å logge seg på kriminalomsorgens selvbetjeningsportal med elektronisk ID. 

For de som ikke har elektronisk ID er det fremdeles mulig å søke besøksklarering på papir. Det vil ta noe lengre tid enn elektronisk søknad. Dette søknadsskjema finner du her: 

Overgangsboligen vil be om gyldig legitimasjon (førerkort, pass, nasjonalt ID-kort eller bankkort med bilde) i tillegg til besøkstillatelse. Dette vil også normalt stå i svarbrevet. Er det grunn til tvil om identiteten kan besøkende bortvises. 

Besøkstidene i Lyderhorn overgangsbolig:
Mandag: 17:00 – 20:00
Onsdag: 17:00 – 20:00
Fredag: 17:00 – 20:00 
Søndag: 13:00 – 19:00 

Hva kan den besøkende ha med seg?
Besøkende kan ha med seg alt det som en beboer har lov til å ha på hybelen sin.

Ved spørsmål vedrørende besøk, besøksklarering og vandelsjekk kontakt oss pr e-post: lyderhorn.overgangsbolig@kriminalomsorg.no eller pr. telefon 55 50 10 20.