Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Innsette og utdanning i fengsel

Sju prosent av innsette har ikkje fullført grunnskole. 83,7 prosent av innsette under 25 år har ikkje fullført vidaregåande opplæring, og dess yngre innsette er, dess meir sannsynleg er det at dei ikkje har fullført vidaregåande opplæring eller høgare utdanning. Dette kjem fram i ein ny rapport frå Fylkesmannen i Hordaland. Undersøkinga, som er ei kartlegging av skolebakgrunn, utdanningsønske og kor mange som har rett til opplæring, omfattar innsette over 18 år i alle norske fengsel og er den første i ein serie av tre rapportar om innsette og utdanning i norske fengsel.


UNDERVISNINGSTILBODET I KRIMINALOMSORGA:
  • Innsette har i utgangspunktet same rett til tenester og tilbod som folkesetnaden elles. Sosiale tenester, helsetenester, undervisning og kulturtilbod vert difor ytt til innsette av dei same offentlige etatane som elles har ansvaret for dette i samfunnet.
  • Fylkesmannen i Hordaland har ansvaret for opplæringa som skjer innanfor kriminalomsorga i heile landet. Fylkesmannen i Hordaland fordeler midlar til fylkeskommunane, som står for sjølve opplæringa.
  • Alle som gjennomfører fengselsstraff i Noreg, skal tilbake til eit liv ute i samfunnet. Dei generelle måla for opplæring er av den grunn også heilt sentrale for undervisningstilbodet i kriminalomsorga. Skulen skal gi kunnskap som gjer den enkelte i stand til å utnytte sine evner og realisere sine visjonar. Den skal formidle verdiar slik at den enkelte kan ta ansvar for seg sjølv og sine medmenneske, og den skal sette elevane i stand til å yte i arbeid og utvikling av samfunnet.
  • Opplæringslova gir unge og vaksne etter nærare reglar, rett og plikt til opplæring på grunnskolenivå, rett til vidaregåande opplæring, og rett til ny grunnskuleopplæring og spesialundervisning. Opplæringa som vert gitt innsette, er et viktig bidrag til kvalifisering for arbeid eller vidare utdanning etter gjennomført straff. Eit overordna prinsipp er at undervisning som har starta i fengsel, skal føljast opp av den ordinære skuleverksemda i samfunnet.
I rapporten Innsette i norske fengsel: Utdanning, utdanningsønske og rett til opplæring går det fram at 25,8 prosent ikkje tar vidaregåande opplæring i fengsel, men har rett til dette. Det er sju prosent som oppgir at dei har inga utdanning. Desse har då ein rett til grunnskoleopplæring og seinare ein rett til vidaregåande opplæring. Ser vi på dei fengsla som i dag ikkje har skole, viser kartlegginga at 29,4 prosent har ein rett til opplæring.

Undersøkinga viser vidare at dei innsette ønskjer utdanning i fengsel. Nesten seksti prosent av innsette i fengsel med skole og over førti prosent av innsette i fengsel utan skole har minst eitt utdanningsønske. Yrkesfagleg opplæring står øverst på ønskelista. Av dei som ønskjer seg vidaregåande opplæring, er det to tredelar som vil ha yrkesfagleg studieretning. Det er berre ein firdel som seier dei vil ha allmenne, økonomiske og administrative fag.

Hovudpunkt
Kartlegginga er gjennomført av fagsjef Ole-Johan Eikeland (Eikeland forsking og undervising), professor Terje Manger (Universitetet i Bergen) og førsteamanuensis Åge Diseth (Universitetet i Bergen) etter oppdrag frå Fylkesmannen i Hordaland. 2250 innsette svarde på spørjeskjemaet, ein svarprosent på 71,1 av dei som fekk skjemaet 2. - 9. februar 2006.

Nedanfor er dei viktigaste funna samanfatta. Grunnlaget for prosentrekning kan vera ulikt for funna dei ulike kulepunkt viser, og det er derfor viktig å sjå denne oppsummeringa i samanheng med tabellane inne i rapporten, heiter det i rapporten:
  • 38 prosent av innsette i fengsel og 19,5 prosent av innbyggjarane i Noreg har grunnskule som høgaste fullførde utdanningsnivå.
  • 48,1 prosent av innsette og 56,5 prosent av innbyggjarane i Noreg har treårig vidaregåande opplæring som høgaste fullførde utdanningsnivå.
  • 13,9 prosent av innsette og 24 prosent av innbyggjarane i Noreg har fag eller grad på universitets- eller høgskule som høgaste fullførde utdanningsnivå.
  • 7,2 prosent av innsette har ikkje fullført grunnskule (folkeskule, ungdomsskule eller tilsvarande).
  • 15,1 prosent av innsette har fullført vidaregåande opplæring grunnkurs eller tilsvarande, men ikkje meir.
  • 17,4 prosent av innsette har fullført VK1 eller tilsvarande, men ikkje meir.
  • 30,6 prosent av innsette har fullført treårig vidaregåande opplæring eller tilsvarande.
  • 36,9 prosent av innsette har korkje tatt grunnkurs (eller tilsvarande), VK1 (eller tilsvarande) eller treårig vidaregåande opplæring.
  • Av dei som svarde er 6,1 prosent kvinner. Menn og kvinner i fengsel sitt utdanningsnivå er etter måten likt, men kvinner har i noko høgare grad enn menn tatt universitet og høgskule.
  • Dess eldre dei innsette er, dess større prosentdel har fullført grunnskule, treårig vidaregåande opplæring og høgare utdanning.
  • 83,7 prosent av innsette under 25 år har ikkje fullført treårig vidaregåande opplæring.
  • 15,9 prosent av dei innsette har vakse opp i eit anna land enn Noreg, og dei frå andre europeiske land har i større grad enn nordmenn fullført treårig vidaregåande opplæring.
  • Utdanningsnivået hos innsette i fengsel utan skule er høgare enn hos innsette i fengsel med skule. Det er likevel 59,1 prosent av dei innsette i fengsel utan skule som ikkje har fullført treårig vidaregåande opplæring.
  • 54,3 prosent av dei innsette har minst eitt utdanningsønske. Kjønnsskilnadene er små.
  • Dess yngre dei innsette er, dess fleire av dei har ønske om meir utdanning.
  • 57,7 prosent av innsette i fengsel med skule og 43,3 prosent av innsette i fengsel utan skule har minst eitt utdanningsønske.
  • 27,2 prosent av innsette rapporterer at dei har 'litt' og 10 prosent at dei har 'mykje' lese- eller skrivevanskar.
  • Om lag ti prosent av mannlege og seks prosent kvinnelege innsette seier at dei har mykje lese- eller skrivevanskar.
  • Dess eldre dei innsette er, dess lågare prosentdel er det som seier at dei har lese- eller skrivevanskar.
  • 40,7 prosent av innsette i fengsel med skule og 26,1 prosent av innsette i fengsel utan skule rapporterer at dei har lese- eller skrivevanskar ('litt' eller 'mykje').
  • 35,7 prosent av innsette rapporterer at dei har 'litt' og 12,3 prosent at dei har 'mykje' rekne- eller matematikkvanskar. Det er ingen kjønnsskilnader.
  • 51,4 prosent av innsette i fengsel med skule og 37 prosent av innsette i fengsel utan skule rapporterer at dei har rekne- eller matematikkvanskar ('litt' eller 'mykje').
  • Vel sju prosent av dei innsette (utgjer på eitt tidspunkt 230 innsette) har ikkje juridisk rett til vidaregåande opplæring fordi dei ikkje har fullført grunnskulen, men har rett til grunnskulopplæring.
  • Åtte prosent av dei innsette (utgjer på eitt tidspunkt 260 innsette) har ikkje fullført vidaregåande opplæring og har heller ikkje juridisk rett til å fullføra slik opplæring.
  • Tjueseks prosent av dei innsette (utgjer på eitt tidspunkt 850 innsette) har juridisk rett til vidaregåande opplæring, men tek ikkje slik opplæring i fengsel.
  • I fengsel med opplæring og i fengsel som ikkje har opplæring er det ein mest like høg prosentdel som har rett til utdanning, men som ikkje tek det.
  • Meir enn to tredelar av dei som ikkje har fullført noko utdanning rapporterer at dei har 'litt' eller 'mykje' lese- og skrivevanskar. Førtitre prosent av dei som no ikkje har rett til vidaregåande opplæring har slike vanskar.
Les rapporten: Relaterte sider:
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk