Hustad fengsel ligg Hustadvika kommune i Møre og Romsdal og er ei eining med høg og lågare sikkerheit. Fengslet vart tatt i bruk 1. januar 2005 og har i dag ein ordinær kapasitet på 60 plassar - 28 plassar på høg sikkerheit og 32 plassar på lågare sikkerheit.  

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein seg til fengslet?
Frå Molde: Ta av frå E30 til RV64 skilta mot Eide. Fortsett vidare til Elnesvågen (RV633). Ta til høgre rett etter Elnesvågen sentrum, skilta mot Farstad (RV663). Køyr i omtrent 20 minutt, til Farstad sentrum. Ved Coop-butikk på høreside, ta til ventre i kryss skilta mot Bud. Fortsett ca 1 km. Og fengselet ligg på høgre side, tydeleg merka.

Frå Kristiansund: Køyr gjennom Atlanterhavstunnellen til averøya. Fortsett over Averøy på RV64 og over Atlanterhavsvegen. Ved Vevang fortsett rett fram langs RV663. Når du kjem til Farstad sentrum (Coop-butikk på venstre side), ta til høgre i kryss skilta mot Bud. . Fortsett ca 1 km. Og fengselet ligg på høgre side, tydeleg merka

Offentleg transport:
Hustad fengsel kan nås via buss. Sjekk frammr.no eller ring FRAM kundesenter på tlf.: 71 28 01 00 for oppdaterte busstider. 

Kva MÅ du ha med deg?
Du må ha med deg soningsinnkalling og godkjend legitimasjon. Fengselet er kontantløst og vi rår deg til å ta med bankkort for eventuelle nødvendige innkjøp ved framkomst, og dessutan kodebrikke (bank-ID på mobil kan ikkje nyttast i fengsel).
Du kan behalde eigne klede under opphaldet, og bør ha med deg både fritidsklede og treningsklede.

Kva KAN du ha med deg?
Du kan ha med deg toalettartiklar, barberhøvel/barbermaskin, barberkrem/barbersåpe, nagleklippar (ikkje saks) og uopna reiningsutstyr til kontaktlinser. Det er ikkje tillatt med flytande og/eller brannfarlege toalettartiklar. Du kan ha med deg inntil fem pakkar tobakk, ti pakker sigarettar eller ti boksar snus i uopna pakningar. Du kan også ha med deg skrivesaker, inntil fem bøker, blad, bilete, spel, ein kortstokk, ein ring (giftering) og inntil ti originale CD-ar. Det er ikkje tillatt å ta med nokon form for mat, drikke, søtsaker eller liknande.

Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengslet?
Hygieneartiklar vert utlevert ved behov. Handklede og sengetøy vert ordna av fengslet.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet?
Fengslingsgrunnlaget vert kontrollert med utgangspunkt i godkjend legitimasjon og soningsinnkalling. Den dømde vert vist til mottakingsrommet for registrering av personalia, samt for gjennomføring av kroppsvisitasjon. Medbrakte effektar vert registrerte og gjennomgått, for etter dette å bli fordelt til effektlager eller til rommet. Den dømde vert innkalla til innkomstsamtale med helseavdelinga i løpet av den første veka.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengslet?
Kjøp av forbruksvarer vert gjort éin gong i veka. Maksimalt handlebeløp for domfelte er sett til kr 700 pr. veke i lukka avdeling / kr. 1.000,- i opa avdeling. Spesielle retningsliner/rutiner gjeld for innkjøp i dei to avdelingane i fengselet.
 
Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Den innsette har høve til å ringe ut i inntil 20 minutt per veke. Innsette må sjølv dekke ringekostnadane. Privattelefonar utanfrå vert ikkje vidareformidla til innsette, og det vert vidare gjort oppmerksam på at telefonsamtalar vert avlytta. Det er ikkje tillate med mobiltelefon i fengslet eller på fengslets område. På avdeling med lågare trykkingsnivå er det tilgjenge til telefonboks (med bruk av telekort).
 
Kva for skuletilbod har fengselet?
Romsdal vidaregåande skule har ansvaret for undervisninga ved Hustad fengsel. Skuleavdelinga har 4,5 lærarstillar og lærarane dekkjer alle fag under vidaregåande opplæring, til dømes: engelsk, norsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, kroppsøving, økonomiske fag, IKT og musikk. Praktiske fag innan til dømes mekaniske fag og byggfag lar seg også gjennomføre ved skulen.
 
Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengslet?
Dei innsette har tilbod om å arbeide i verkstadene ved fengslet. Her vert det produsert ulike produkt som seinare vert lagt ut for sal. Innsette tar også del i vedlikehald av bygningar og grøntanlegg, i tillegg til at dei tar del i reinhald og arbeid i vaskeriet, kjøkken og andre fellestenester i fengslet.

Kva for tilbod for fritida har fengslet?
Hustad fengsel arbeider for også å kunne gje den innsette eit tilbod på fritida. Hustad fengsel er i tillegg definert som naturfengsel - og frå tid til annan vert det arrangert turar i den storslåtte naturen fengselet omgir seg med.

Anna
På avdelinga med høgare sikkerheit er det etablert eit rusmeistringstiltak med 8 plassar, der vi har tilført fagpersonell frå spesialhelsetenesta for å arbeide i fengslet. Desse utgjer eit team saman med tilsette i kriminalomsorga, og møter dagleg dei innsette med tilbod om behandling og oppfylgjing.

Informasjon til besøkande

Kva prosedyrar gjeld for vitjing til innsette?
Vil du ha vitjing av vener eller familie i fengslet, må dei klarerast på førehand. Dei vitjande kan søke om  vitjingstillatelse digitalt, ved å logga seg inn på kriminalomsorgens selvbetjeningsportal med elektronisk ID.  

For dei som ikkje har elektronisk ID er det framleis mogleg å søka vitjingstillatelse på papir.

Korleis bestille besøk
Kvar innsett kan ha to besøk pr. uke (eit fysisk og eit videobesøk eller to videobesøk).

Besøk kan bli bestilt etter at du har fått tilsendt besøksgodkjenning i sjølvbetjeningsportalen (i særlige tilfeller i post) Besøk må bestillast ei veke i forkant.  Det er også tilrettelagt for videobesøk i fengselet. Reglar for gjennomføring av videosamtalar følger same regelverk som for besøk i fengsel, jfr. Strgjfl §31. Du må vere godkjent for besøk i Hustad fengsel og du må vise godkjend legitimasjon ved start av kvart videobesøk.

Informasjon om korleis du bestiller besøk og besøkstider finn du under informasjon til «lukka avdeling» eller til «open avdeling» under.  

Hugs legitimasjon og besøksløyve. 
I tillegg til besøksløyve, vil vi be om gyldig legitimasjon. Dette vil også stå i svarbrevet. Er det grunn til tvil om identitet kan besøkande bli vist bort.

Mobiltelefon:
Du kan ta med deg mobiltelefon for å vise digitalt besøksløyve. Du må levere frå deg telefonen til vakta for oppbevaring under besøket då det er ikkje tillate å ta med seg mobiltelefon inn ved besøket. 

Kva kan du ta med deg inn til besøket? 

  • Mat: Det er mogleg å ta med seg mat som blir ete under besøket. Eventuelle rester blir kasta eller returnert med besøkande. 
  • Drikke: berre forsegla mineralvann (all anna drikke er ikkje tillat). På besøksrom vil du finne mikro, vasskokar, pulverkaffi og te. 
  • Det er ikkje tillat til å ta med seg tobakk/sigarettar, snus eller liknande. 
  • Klede: du kan ta med klede inn til den innsette. Dette vil dei tilsette gå igjennom og registrere før utlevering. (hugs å sjekk på førehand om den innsette har plass, grunna avgrensa lagring)
  • Pengar: kan settast inn på den innsette sin private bankkonto.

Kan eg ringe ein innsett? 
Det er ikkje høve til å ringe innsette. Innsette kan kjøpe telefonkort og ringe ut. På open avdeling kan dei ringe uavgrensa. På lukka disponerer dei totalt 20 minutt per veke, for utgåande samtalar.

Brev/pakker til innsette
Det er ikkje tillat å sende blomster, samt ting som kan bli konsumert. Dvs. drikke, mat, parfyme, kremer, tobakk etc. Det er heller ikkje mogleg å sende noko som kan brukast som våpen eller som har symbol som er rasistiske, støytande eller kan knytas til kriminelle organisasjonar/er gjengrelatert. Eksempel på gåver til innsette kan vere kler, sko, bøker, DVD eller forsegla magasin. Gåver må sendas til innsette via post. Alt som blir sendt inn til innsette blir undersøkt før innsette får det utlevert.

Korleis er besøksforholda tilrettelagd for barn?
Det finns teiknesaker og leiker til utlån i besøksavdelinga. 

Vi har eigen barneansvarlig i fengselet som jobbar spesielt for deg som er born/ungdom med far eller anna kjenning som er i fengsel. Barneansvarlig kan du kontakte om du har spørsmål og tankar om dette. Barneansvarlig skal også sørgje for at forholda i fengselet skal bli bra for deg når du kjem på besøk. Dersom du har forslag til kva vi kan gjere for å gjøre besøka enda betre, ønsker vi å høyre frå deg! Det er berre innsette sine eigne born som kan komme på besøk. Ved nokon tilfelle tillèt vi andre born (under 18 år), der kor familieforholda talar for det. Dette avgjerast per enkelttilfelle av fengselet. Fengselet sin eigen barneansvarlege kan bli kontakta på telefon eller via e-post: Pal.Westavik@kriminalomsorg.no - 71 26 30 23. 

Besøk open avdeling:
Bestilling av både fysiske besøk og videobesøk: Ring open avdeling på telefon: 71 26 30 03. Bestilling av besøk kan normalt ikkje bestillast for meir enn ei veke fram i tid. Besøket må bli bestilt på mandagar, onsdagar og fredagar kl. 16.00-17-00.  

Besøkstid open avdeling:
Onsdag og fredag: kl. 16.45 – 18.15 og kl. 18.30 – 20.00
Laurdag, søndag og heilegdagar: Kl. 09.30 – 11.45, kl. 12.00 – 14.15, kl. 14.45 – 17.00 og kl. 17.15 – 19.30

Videobesøk:
Alle kvardagar (unntatt torsdag): Kl. 16.00 – 17.00 og laurdag, søndag og heilegdagar kl. 11.00 – 1200 og o Kl. 16.00 – 17.00

Når du kjem til Hustad fengsel:

  • Hugs besøksløyve og gyldig id. 
  • Gå til vakta på open avdeling. Det er bygninga til høgre på utsida av gjerdet.
  • Alt som skal bli med inn til besøket skal bli vist fram til betjent når du kjem (mat, klede og liknande). 
  • Besøkstidene er fast, og det er ikkje høve til å få utvida tid ut over det som er fastsatt. 
  • Besøk som ikkje er bestilt blir alltid avvist. 
  • Opptil fire personer kan besøke den innsette på same tid. Mindreårige blir ikkje rekna med i dette talet. 

Besøk lukka avdeling: 
Ring lukka avdeling på telefon: 71 26 30 00 for bestilling av besøk. Du kan bestille besøk mellom kl. 17.00-19.00 på laurdagar og søndagar for besøk kommande veke. Alle besøk har ein varigheit på ein time. 

Besøkstider:
Laurdagar og søndagar: 10.30 – 11.45 og 17.30- 18.30.

Ordinære besøk hverdager unntatt onsdager: 17.45 – 19.05.

IPAD besøk: 17.50 – 19.10.

Videobesøk:
Laurdagar og søndagar: 10.00 – 11.10 og 17.40 -18.40

Ved besøk av barn kan besøkstida bli utvida dersom det er til barnets beste, men kun om det er kapasitet i avdelinga. Besøkande med lang reiseveg, meir enn to timar frå adressa besøksløyvinga er sendt til, kan dersom det er kapasitet, få utvida besøk. Dette må bli avklart av fengselet i forkant. Vi anbefaler å møte minst 15 min før besøket starter for å få nytta heile besøkstimen