Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Å bygga tillit

Av: Tordis Marie Espeland/SIU

- Grundtvig-prosjektet gjorde meg klar over kor annleis fengsla er i ulike europeiske land, seier Frederik Janssens frå Belgia (Artikkel gjengitt med tillatelse frå Senter for internasjonalisering av høgre utdanning/SIU.

panel02032009

Janssens jobbar i organisasjonen The Red Antracite, som held kurs innan uformell læring i belgiske fengsel. Kursa kan til dømes handla om korleis det er for born å ha mor eller far i fengsel, eller om korleis det er å vera offer for ei kriminell handling. No er han i Noreg saman med kollegaer frå Danmark og Romania, på studietur til Bergen og til Geir Hundvebakke, avdelingsleiar for Ulvsnesøy sitt skuletilbod, som ligg under Åsane vidaregåande skule. Ulvsnesøy er ein del av Bergen fengsel.

Pedagogane er med i Grundtvig-prosjektet PANEL (Positive Aspects of Non-formal Education and Learning), og jobbar alle med ikkje-formell læring i fengsel. I snart tre år har dei utveksla erfaringar, blant anna gjennom studiebesøk og ei eiga nettside.

Normalisering?

– For oss har dette prosjektet verkeleg vore ein vekkar. Måten å driva fengsel på i Noreg og Danmark er så annleis enn heime. Det er ein inspirasjon, på mange måtar, fortel belgiske Janssens.
– Til dømes vil ’normalisering’ i fengselet vera det å ha kvinnelege vaktar, i Belgia. I Danmark tyder det også å læra å laga mat til seg sjølv, gå på butikken, kjøpa ein CD. Kort sagt handlar det om å bygga tillit, å få den innsatte tilbake til eit normalt liv. Slikt tenkjer ein ikkje enno, i Belgia.

Hundvebakke frå Ulvsnesøy var ikkje klar over at fengsel i Belgia var så ulike skandinaviske fengsel, før PANEL-prosjektet kom i gang.

– Eigentleg sprang prosjektet ut av småbedriftene til de innsatte på Ulvsnesøy. Me ville utveksla erfaringar om dette. Men no har prosjektet også fått eit politisk aspekt.

Ingen øyer i Belgia

Dei tilreisande er også imponerte over tilhøva på Ulvsnesøy, som ligg fem mil nord for Bergen. I tillegg til gardsdrift og småbedrifter der dei innsatte jobbar, har Ulvsnesøy eit variert skuletilbod.

– Eg fortalde den flamske justisministeren om denne opne måten å driva fengsel på. Han svara at der ikkje finst øyer i Belgia smiler Janssens, oppgitt.

Rumenske Camelia Tancau ser Grundtvig-prosjektet som eit høve til å få eit politisk perspektiv på utviklinga av fengsla i Romania.

– Standarden i rumenske fengsel ligg langt under dei andre prosjekt-landa.Ved å visa til fengselspolitikken i andre europeiske land, kan me kanskje endra rumenske tilhøve. Det handlar ikkje berre om uformell læring – sist gong me vitja Noreg var den rumenske fengselsdirektøren med for å få eit inntrykk av korleis skandinaviske fengsel fungerer. Men det å endra politiske tankemåtar tek tid, trur Tancau, som seinare i år er vert for det siste prosjektmøtet i PANEL. Samstundes jobbar ho med ein ny Grundtvig-søknad for å vidareføra prosjektet.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk