Mobil Versjon

Bjørgvin fengsel

Kriminalomsorga region vest

bjorgvinfengsel

Bjørgvin fengsel ligg i Bergen kommune på Breistein i Åsane og er eit fengsel med lavt sikkerhetsnivå. Fengslet har plass til 90 innsette fordelt på to avdelinger.

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein til fengselet?
For å komme til Bjørgvin fengsel kan du ta buss nr 37 merket Breistein frå Åsane Terminal.

Kva MÅ den dømde ha med seg?
Personen som skal møte må ha med seg gyldig legitimasjon med bilete saman med soningsinnkallingen. Det forutsettes også at man tar med seg egne klede.

Kva KAN den dømde ha med seg?
Den dømde kan ha med seg toalettsaker som såpe, barbersaker, tannbørste, tannkrem osv eller eventuelt kjøpe dette i fengslet sin kiosk. Kontantar kan tas med ved oppmøte og vil bli satt inn på eigen konto. Det er tillete å ta med seg eigen Tv maks 32”, DVD spiller, playstation 2, mp3-spiller av type iPod Shuffle og Riks Tv. ( Ikke PVR – dekoder, altså dekoder/tv med opptaksfunksjon.) Dette utstyret kan kun nyttjast på eige rom og ikkje i fellesskapet. Det er heller ikkje mogeleg å låne bort private effektar til andre innsette. Ved innsetting skrives det en kontrakt for bruk av playstation 2 og Riks Tv hvor misligheld av kontrakten vil føre til inndraging. Playstation 2 er den enste spillkonsollen som er tillate. Det er ikkje tillate med private DVD eller brente CD er. DVD filmar må lånast på fengslet sitt bibliotek. Alle medisiner som tas med inn i fengslet vil bli oppbevart og utlevert ved løslatelse. Fengslet held innsette med nødvendig medisin under opphaldet. Ta derfor med eventuelle reseptar eller skriv frå behandlende lege.

Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengslet?
Innsette vil få utlevert sengetøy og håndklær.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet?
Ved oppmøte kjem du fyrst i mottakinga for registrering/visitering og får en kontaktbetjent. Deretter vert du fylgt opp til rommet ditt hvor du vil få en innkomstsamtale og deretter en omvisning i fengslet. Du vil få informasjon om daglige rutinar, arbeids-, skule og program tilbod som du kan nyttja under soninga.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengslet?
 Innsette kan ikkje ta med seg mat eller drikke inn i fengslet ved innsettinga. Fengslet sin kiosk kan nyttjast til kjøp av tobakk, snus, toalettsaker, dagligvarer osv. Den er åpen mandag og fredag kvar veke.

Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Innsette kan ringje fritt frå fengselets kortautomater innenfor telefonkioskens åpningstidar. Utgifter til telefonering må innsette bekoste sjølv og det selges telekort i kioskens åpningstider og ved innsetting.

Kva kan den innsette ha av private ting på cellene?
Innsette kan ha med seg eit begrensa antall klær og effektar. Bruk av privat pc må det søkjes om skriftleg ved spesielle behov. Egen Tv - maks 32 ”-, playstation 2, Dvd-spiller og mp3-spiller av type iPod Shuffle.

Kva for skuletilbod har fengslet?
Skulen tilbyr kurs i norsk, engelsk, mattematikk, samfunnsfag og historie. Kursene er både for dei som treng oppfrisking og for dei som til dømes ynskjer generell studiekompetanse. I tillegg kan skulen tilby:

  • Begynnerkurs i spansk og esperanto
  • Kosthold og helse; praktisk matlaging
  • Dataopplæring: Kurs i bl.a. Word, Powerpoint, Exal og bilde og videoredigering, samt redigeringsprogrammet Publisher
  • Skolen gir ut fengselsavisen ” Rullebladet”
  • Kurs i steinsliping
  • Entreprenørskap, hvordan starte og drive en bedrift
  • Sykkelverksted : reperasjon/vedlikehold av sykler.
  • Realkompetansevurdering.
  • Selvstudie etter avtale med avdelingsleder eller spesialpedagog.

Skulen har et tett samarbete med utslusningsavdelinga ved Åsane videregåande avdeling og Fossane. Her tilbys blant anna tømrerfag.

Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengslet?
Arbeidsdriften har mange typer arbete å tilby deg. Har du spesielle interesser eller ferdigheter er vi interessert i å få vite om dette slik at kvardagen din kan bli mest mogeleg meiningsfull for deg. Du kan sjølv velje kva du vil drive med dersom det lar seg gjere. Her fylgjer ein oversikt over det vi kan tilby deg:

  • renhold
  • vaskeri
  • verktøybod
  • dyrestell
  • bruk av maskiner
  • vedlikehold
  • matvarelager
  • kjøkkentjeneste
  • vaktmesterarbeid og
  • utearbeid.

Kva for tilbod for fritida har fengslet? 
Fritidsavdelingen kan tilby fylgjende fritidsaktivitetar:
På L bygget finn du fritidsrom med biljard, bordtennis og dart. Her finn du også treningsrom og styrketreningsrom.
På J – bygget finner du gymsalen.

Tilfredsstiller du kravea til framstilling kan du delta i de forskjellige fritidsgruppene. Gruppene har endel aktivitetar som i hovudsak skjer utanfor fengslet sitt område.

  • Sykkelgruppe
  • Mosjonsgrupper
  • Fotballgruppe
  • Fjellturar

Informasjon til vitjande

Kva for prosedyrar gjeld for vitjing til innsette?
Vil du ha vitjing av vener eller familie i fengslet, må dei klarerast på førehand. Dei vitjande kan skrive ut søknad om besøkstillatelse på Bjørgvin fengsel her. Vakta har også skjema som kan sendes ut i fall den vitjande ikkje har tilgong på internett. Dei vitjande vil dermed motta besøkstillatelse som du får en kopi av. Deretter kan du bestille besøkstid i vakta. Denne prosessen tar omtrent 14 dagar.

Det er to besøksrom på J-bygget. Disse kan nyttjast onsdag og laurdag for avdeling K, og tirsdag, torsdag og søndag for avdeling L. Varighet på vitjing er ein time pr. uke, og det er berre mogeleg med eit besøk i veka. Du kan ha opptil 4 personar klarert for vitjiong. Nær familie telles som ein person..

Kva er besøkstidane i fengslet?
Besøkstider i vekedagane:
1600 – 1700, 1715 -1815, 1830 – 1930, 1945 - 2045.

Besøkstider i helgene:
1200 - 1300, 1315 - 1415, 1600 -1700, 1715 - 1815, 1830 - 1930.

Kva kan den vitjande ha med seg?
Dei som skal vitje deg har høve til å ta med mat som skal etast under vitjinga. Medbrakt drikke er ikkje tillatt. Drikke kan kjøpes på fengslet sine brusautomatar. Medisiner, fotoapparat, videokamera, mobiltelefon og penger kan ikkje tas med inn av vitjande. Slike gjenstander må avleverast før vitjinga starter. Det er høve for vitjande å levere penger og effektar, men ikkje tobakksvarar. Tobakksvarar som medbringes må på lik linje som mat og drikke kun benyttes under vitjinga. Effektar som skal til innsette leverast til tenestemann før vitjinga starter. Det anbefales mellombels at penger settes inn på fengslets sin konto via nettbank. (se penger og utbetalinger) Maksimalt pengebeløp som kan leverast er 500 kroner.

Korleis er tilhøve for vitjing tilrettelagde for born?
Born under 15 år kan vitje fengslet saman med føresatte. Alle over 15 år må søkje om eigen besøkstillatelse. Det eine besøksrommet er tilrettelagt for born, med leker, tegnesaker, spill osv .