Mobil Versjon

Bjørgvin fengsel, Ungdomseininga

Kriminalomsorga region vest

Bjørgvin ungdomsenheten

Kriminalomsorga Bjørgvin fengsel Ungdomseininga er ei eining som tar imot innsette mellom 15 og 18 år frå heile landet. Eininga har sidan januar 2015 hatt tilhold i E-bygget ved Bjørgvin fengsel. Avdelinga har ein kapasitet på 4 plassar med tilpassa sikkerheitsnivå i forhold til dei innsette til ein kvar tid. Ungdomseininga mottar innsette både på grunnlag av varetekt og dom.

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein til fengslet?
Dersom innsette startar soninga hos oss møter dei sjølve, elles vil dei bli frakta eller henta frå det fengselet/institusjonen der dei oppheld seg. Det er fleire bussruter som køyrer forbi fengselet, mellom anna rutenummer 210 og 37 (skifte frå rutenummer 36 på Åsane terminal) som har avgong frå Bergen busstasjon. Næraste haldeplass er Vestlandsheimen.

Kva MÅ den dømde ha med seg?
Identifikasjon, Innkalling (dersom soning startar hos oss)

Kva KAN den dømde ha med seg?
Innsette kan ha nokre mindre, personlege eigendelar hos seg i fengslet, til dømes private klede av nødvendig mengde, ein avgrensa mengde ringar, smykker og gjenstandar til bruk ved fritid- og hobbyverksemd, samt toalettartiklar etter behov dersom slik utleverast av fengslet. Teknisk utstyr (TV, radio, cd-spelar) kan etter nærare avtale tillatast på innsettes rom. Mobiltelefon og liknande kommunikasjonsutstyr er ikkje tillate i fengslet. Tilsvarande gjelder for tilhøyrande utstyr til dette.

Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengslet?
Regelhefte, utover dette er alt som trengs på plass ved ankomst.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet?
Den fyrste perioden etter innsettinga blir nytta til informasjon om Ungdomseininga (reglar og rutinar, forventningar til dei innsette m.v.). Personalet går og i gang med kartlegging av dei innsette. Kartlegginga omfattar område som bustad, russituasjon, økonomisk situasjon, nettverk, kriminalitet, helse m.v.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengslet?
Ungdomseininga underheld ungdommane med det dei treng. Utover dette kan dei innsette etter avtale på framstilling utanfor fengslet nytta eigne pengar til innkjøp av diverse kioskvarar, klede m.v.

Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Det er ikkje mogeleg for innsette å ha mobiltelefon. Det skal klarerast med vaktleiar når innsette skal ringe. Innsett kan ringe inntil 15 min pr. dag, dersom ikkje anna er avklart. Dette gjeld innkomande og utgåande samtalar. Innsette kan ringe offentlege kontor/ advokat v/ behov utanom dei 15 min.

Kva kan den innsette ha av private ting på cella? 
I begrensa mengde: Alt utanom det som er nemnt under pkt. 3 (Informasjon før gjennomføring av straffa)

Kva for skuletilbod har fengslet?
Innsette kan enten gå på vanleg skule eller skule tilknytta fengselet. Åsane vidaregåande skule avd. Fossane har ein kontaktperson/rådgjevar som har særskilt ansvar for oppfølging av Ungdomseininga. Etter ei innleiande kartlegging i basisfaga (norsk, matematikk og engelsk) blir det utarbeida individuelt tilpassa skuletilbod til den enkelte innsette.

Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengslet?
Ved behov og moglegheit tilrettelegg eininga for arbeid utanfor fengselet. Ungdomseininga har ingen arbeidsverksemd direkte tilknytta seg.

Kva for tilbod for fritida har fengslet?
Ungdomseininga nyttar seg av tilbod i lokalmiljøet, og elles fritidssysler på avdelinga og i nærområdet.

Anna som er spesielt for eininga:
Formålet til Ungdomseininga er at antall born i ”vaksne” fengsel skal reduserast, samt å betre soningsforholda for ungdommane som sonar fengselsdommar/ varetekt. Tiltaket er tverretatleg og tar sikte på å tilrettelegge for endringsarbeid der delar av straffegjennomføringa kan skje utanfor fengselet. Ungdomseininga tilbyr eit heilheitleg tilbod til den enkelte ungdom og skal tilrettelegge ut i frå den enkelte sin situasjon og behov. Eininga skal etterstreba å gje ungdommane ein sosial struktur, stabile rollemodellar, truverdige relasjonar og rammer som gjer kvardagen forutsigbar. Eininga har ei fagleg forankring med tru på at ungdom med omfattande problem treng meir enn tradisjonell straff for å endre åtferda si. Eininga er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike etatar som kriminalomsorga, barnevern, psykisk helsevern, utdanning/opplæring og kommunal tjenesteyting og har landsdekkande funksjonar.

Informasjon til vitjande

Kva for prosedyrar gjeld for vitjing til innsette?
Dei som ønskjer å kome på vitjing må søkje om løyve. Ungdomseininga har ingen faste dagar for vitjing, men er fleksibel og legg til rette for den enkelte innsette.

Kva er vitjetida i fengslet?
Ungdomseininga har Ingen faste tider men må være avslutta ved innlåsing kl.21.30. Vitjande er ofte langvegsfarande og Ungdomseininga freister å legge til rette for vitjing.

Kva kan den vitjande ha med seg?
Klede og evt gåver som må klarerast på førehand med vakthavande ved Ungdomseininga. Ungdomseininga sørgjer for mat og drikke under besøket om ynskjeleg.

Korleis er tilhøve for vitjing tilrettelagde for born?
Ungdomseininga har eigen hage til fri nytting, og huset har generelt lite fengselspreg. Utover dette er det ikkje spesielt tilrettelagt for born. Det kan også være ei utfordring å skjerme dei frå andre innsette på avdelinga, sidan det ikkje er eigne rom satt av til føremålet.