Berre ein hund
I Vik fengsel er det sledehunden Inoku som ynskjer velkomen. Matfar og fritidsleiar Hendrik Siegersma stryk handa si gjennom den tette og tjukke hundepelsen og meiner hunden har ein heilt naturleg plass i fengselet. Oppmodar tilsette om å ta med hunden
Sjølv om fengselet ikkje har noe organisert hundehald er dei fullt klar over at hundar som terapeutisk verktøy i fengsla har vore praktisert i fleire land gjennom dei siste åra. I USA er det hundar (ut over dei som er på arbeid som narkotikahundar) i over 60 soningsanstaltar.
Og nestleiar i Vik fengsel Egil Rune Andersen seier dei meir enn gjerne oppmodar tilsette med hund om å ta med seg dei firbeinte på jobb. På snikkarverkstaden har dei bygd to-tre hundehus - i tillegg til det huset Inoku kviler seg i når veret vert for ille eller når solsteiken ikkje frister.
Og støtte i at Inokuk og dei andre hundane i Vik fengsel kan virke positivt inn på dei innsette, treng dei ikkje gå lenger enn til ein aktuell artikkel under nettsidene til Universitetet for miljø- og biovitenskap for å finne. Her syner Line Sandstedt og Christine Olsen ved Antrozoloogisenteret * - landets første senter for dyreassistert terapi – til forskning som seier at kontakt med dyr ikkje berre er helsefremjande men også at dyr med fordel kan settast inn i målretta helseteneste og slik vere med på å bidra til å oppnå gode resultat. Dei to kvinnene er henholdsvis tidlegare og noverande studentar ved Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås.
Snøtoget frå nord
Hunderasen som Inoku tilhøyrer er også kalla snøtoget frå nord – og trivst nok best når stormane raser nedover fjellsidene eller når han får trekke noe tungt etter seg. Saman med matfar Hendrik eller i lag med innsette. Og er det bebuarar i fengselet som har vanskar med nærkontakt med hundar, er dei fengselstilsette dei første til å ta omsyn til dette.
*Antrozoologi = studiet av samhandling mellom mennesker og dyr.







