Mobil Versjon

Bergen fengsel, Osterøy avdeling

Kriminalomsorga region vest

osteroy[1]

Open avdeling Osterøy
Bergen fengsel avd. Osterøy er plassert på Ulvsnesøy, som ligg i Sørfjorden, mellom Bruvik og Vaksdal. Avstanden er ca. 5 mil i retning aust for Bergen. Avdelinga har eiga båtdrift som går i rute mellom Ulvsnesøy, Bruvik og Vaksdal. Avd. Osterøy har 31 soningsplassar, av desse er 9 for kvinner. Hovudbygget rommar to bu einingar for kvinner i tillegg til administrasjon, vaskeri, hovudkjøkken samt felles matsal og tv-stove. Mannlege innsette er fordelte på 5 eigne hus.

Grunnlaget for soninga bygger på normalitetsprinsippet. Det er ynskjeleg at innsette i størst mogeleg grad tar ansvar for seg sjølve. Det gjeld vask av klede og ansvar for mat og reinhald på eige hus. Alle er ansvarlege for å bidra til eit godt miljø. Betjentane i avdelinga nyttar ikkje uniform. Vidare er det felles lunsj og middag for innsette og tilsette. Når det gjeld sikkerheit vert den m.a. ivareteke gjennom mest mogeleg samhandling og eit godt miljøarbeid. Verdigrunnlaget til Bergen fengsel, avd. Osterøy byggjer på at vi trur at alle domfelte kan endre si åtferd, og at endra måte å tenkje på gjer endring i åtferd. Vi er derfor oppteken av at vi som tilsette skal vere engasjerte i vårt arbeide, og at vi må vere i stadig utvikling for at vi til ei kvar tid skal kunne gjere ein best mogleg jobb for samfunnet og den innsette.

Under soninga må innsette arbeida aktivt med å førebu lauslatinga og tida etter. Alle blir tildelt kontaktbetjent som bistår med framtidsplan og nettverksbygging. I fengselet er det aktivitetsplikt, innsette møter til arbeid i drift / gard eller på skule. Arbeidstid er frå klokka 08.15 til 14.30. Avdelinga har ei eiga skuleavdeling underlagt Åsane videregående skole.

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein til fengslet?
Den enklaste måten å koma til Ulvsnesøy på, er å ta toget til Vaksdal stasjon. Toget brukar ca. 25 min. frå Bergen. Med bil ca. 45 min. Med fengselsbåten ”Ulf” tar det 5 min. frå Vaksdal kommunale kai over til Ulvsnesøy. Ring for informasjon om avgangar.

Kva MÅ den dømde ha med seg?
Den innsette må ha med seg: legitimasjon, klede og eigne medisinar.

Kva KAN den dømde ha med seg?
Den innsette kan ha med seg; klede, tv / radio, toalettartiklar, bøker, musikkinstrument, naudsynte papir, bilete av familie i liten storleik, cd’ar og pengar. Mobiltelefon må innleverast til fengslet og kan berre nyttast ved permisjon / frigang.

Kva får den innsette levert når han kjem til fengslet?
Den innsette får utdelt sengeklede, dyne, pute, handduk og toalettartiklar.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet?

  • Innsette vert registrert av depotbetjent ved framkomst. Alle effektar vert visitert og registrert.
  • Det vert gjeve informasjon om fengslet og innsette får tildelt rom og kontaktbetjent.
  • Innsette må gje urinprøve første dag.
  • Alle vert tilbydd middag og brødmat / pålegg . Elles er det mogeleg å handla i kolonialbutikk 2 gongar pr. veke.
  • Innsette må møta i arbeid eller på skolen dagen etter framkomst.
  • Kartleggingssamtale vert gjennomført i byrjinga.
  • Innsette kan kjøpa ringekort til bruk i telefonboksar.
  • Besøk til innsette må klarerast i god tid, og vert gjennomført laurdag og sundag + andre helgedagar.
  • Ved trong kan innsette framstillast til helseavdeling i Bergen fengsel. Her er lækjar, sjukepleiar, tannlækjar, fysioterapeut og psykolog tilgjengeleg.

Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Det er tilgjengeleg 2 telefonautomatar der innsette kan nytta ringekort. Desse kan kjøpast på kassakontoret i avdelinga. Telefonboksane er opne frå kl. 1500 på vekedagar.

Kva kan den innsette ha av private ting på romma?

  • Klede – eit avgrensa utval ut i frå liste, døme: 5 par sko, 6 bukser, 10 genserar/skjorter/bluser etc.
  • Smykke – avgrensa tal, døme: 2 stk ringar, 2 stk kjede, 2 stk anheng etc.
  • Pengar – inntil kr.1500 i kontantar
  • TV - opptil 40 tommar
  • Radio/stereoanlegg (maks. 40x65cm)
  • Walkman/Discman utan moglegheit for opptak
  • MP3-spelar er tillate
  • CD plater, 25 stk (berre originale). Det er ikkje tillate med private DVD
  • Barbermaskin/hårklippemaskin

Kva for skuletilbod har fengslet?
Skulen legg til rette og lagar individuelle løysingar for dei innsette. Åsane videregående skule har ansvaret for opplæringa og gir eit heilskapleg og fleksibelt tilbod. Nokre elevar er årskurselevar, dvs. dei får standpunktkarakterar, medan andre er privatistar og kan gå opp til privatisteksamen haust og vår. Skulen samarbeidar tett med fengslet. Skulen gjev tilbod om:

  • TIP - teknikk og industriell produksjon: Vg1, Vg2 – årskurs, kurs i sveising og teikneprogrammet solid edge. Ein godt utstyrt mekanisk verkstad er tilgjengeleg på øya.
  • RM – resturant og matfag: Vg1 og Vg2 – årskurs. Kjøkkenavdelinga er godkjent for inntil 2 lærlingar.
  • Studiespesialisering/allmennfag : matematikk, naturfag, engelsk, norsk, samfunnsfag, historie, tysk og kroppsøving. Dette er fag ein kan få standpunktkarakterar i (årskurs). Det vert lagt til rette for at ein kan ta andre fag som privatist.
  • Data og IKT – opplæring: Datakortet m.m.
  • Nettstøtta opplæring: Det er mogeleg å ta ulike nettbaserte kurs, m.a. innan HMS, førstehjelp og prosjektstyring. Vidare har skolen samarbeid med Bergen tekniske fagskole om nettbasert opplæring.
  • Høgskole og universitetsstudium: Skolen har kontakt med høgskolar og universitet for å leggja til rette for at studentar skal kunna studera og avleggja eksamen.
  • Elevbedrift: Skolen driv opplæring innan entreprenørskap. Elevane er med på å starta opp, driva og leggja ned ei bedrift i laupet av skoleåret.
  • Musikk: Skolen gir musikkopplæring. Opplæringa kan halda fram på ”Verftet” i Bergen, der skolen er eit tilbod på ettermiddag til lauslatne eller innsette i posisjon til frigang.
  • Rådgjeving: Skolen gir elevane tett oppfølging, og rådgjevar informerer nøye om mogelegheiter til utdanning. Dersom eleven kjem frå Bergen fengsel, er dette ein prosess som startar der.

Kva for tilbod for fritida har fengslet?

  • Treningsrom er ope kvar dag etter klokka 15.00.
  • Moglegheit for trening på fotballbane og volleyball. Vidare er det 1,4 km med natur sti rundt øya.
  • Avdelinga har også eige musikkrom med eit godt utval i instrument, og eit miljørom med biljard og playstation.
  • Moglegheit for å fiske, både i frå øya og i båt. Avdelinga har fem kajakkar og det vert arrangert jamlige turar i sommar halvåret.
  • Utreise til klatring, symjing, skiturar, fjellturar, og andre aktivitetar som til dømes bowling.
  • Prestetenesta: Gudstenester på øya og utreiser til samlingar i Åsane kyrkje.

Anna som er spesielt for fengslet
Innsette kan oppretta kontakt med eller søkja frigang til fylgjande nettverk:

  • Kalfarhuset
  • Aurora (for kvinnelege innsette)
  • Wayback

Informasjon til vitjande

Kva for prosedyrar gjeld for besøk til innsette?
Besøksbestilling
Besøk kan bestillast av den innsette i vakta på avdelinga seinast fredag kl. 15.00 for den kommande helga. Besøkjande må klarerast i forkant av første besøk, for å få besøksløyve må den som ynskjer å kome på besøk fylle ut eit søknadsskjema. Dette skjema vil den innsette sende i posten, og må reknast som ein personleg invitasjon til dei ein ynskjer besøk av. Fengslet vil utferdige besøksløyve etter at personnummer er kontrollert av politiet. Besøksløyve vert sendt i posten, og må bringast med til kvart besøk. Når du kjem om bord på båten må ein framvise legitimasjon, samt godkjend besøksløyve.

Kva er besøkstidene i fengslet?
Avdelinga har besøkstid laurdagar og sundagar og andre offentlege fridagar, frå klokka 09.20-16.20.

Kva kan den besøkjande ha med seg?
Vanlege forbruksvarer.

Korleis er tilhøve for besøk tilrettelagde for born?
Personar over 15 år som ynskjer å besøke innsette må søkja om dette, og vert kontrollert opp mot strafferegisteret. Barn mellom 15-18 år, som ynskjer å koma åleine, må ha med fullmakt frå føresette. Barn under 15 år kan ikkje besøke innsette åleine.

Innlevering av effektar
Besøkjande må levera inn mobiltelefon og anna elektronisk utstyr i vakta ved framkomst.

Anna
Besøkjande som møter rusa eller på anna måte påverka, vil bli nekta tilgang til fengslet. Det er ikkje tillete å ha kjæledyr med inn i anstalten. Vi ber om at du som besøkjande rettar deg etter føreliggjande retningsliner og dei pålegg som fengslet sine tenestemenn kjem med.