Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Avtale om leige av fengsel underteikna

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen underteikna mandag 2. mars ei avtale om leige av fengselsplassar i Nederland.

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen og  statssekretær Fred Teeven

Avtala gjeld leige av 242 fengselsplassar i fengselet Norgerhaven i landsbyen Veenhuizen i den nordlege delen av Nederland, ikkje langt frå byen Groningen.

Frå nederlandsk side blei avtala underteikna av statssekretær Fred Teeven (t.h.).

Signeringa fann stad i Det nasjonale fengselsmuseet (Nationaal Gevangenismuseum), i nærleiken av Norgerhaven fengsel.

Også ei anna avtale mellom dei to landa blei underteikna mandag, nemleg ei samarbeidsavtale mellom KDI og nederlandske fengselsmyndigheiter. Direktør i KDI, Mariannne Vollan, underteikna frå norsk side, medan generaldirektør Peter Hennephof underteikna frå nederlandsk side.

 

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk