Mobil Versjon

Ålesund fengsel

Kriminalomsorga region vest

aalesund

Ålesund fengsel ligg i Ålesund kommune og er ei eining med høgt sikkerhetsnivå. Fengselet blei bygd i 1864 og har ein ordinær kapasitet på 27 plassar. I 1904 brende fengslet i den kjende Ålesundbrannen, men blei åpna på nytt i 1907. Fengslet har gått igjennom fleire ombyggingar og er modernisert, men i hovudsak er arkitekturen frå tida fengslet blei åpna.

Informasjon før gjennomføring av straffa

Korleis kjem ein til fengselet?
Fengslet ligg midt i Ålesund sentrum. Ein stor gul bygning som grenser til gatene; Kipervikgata, Rådstugata og Keiser Wilhelmsgate.

Kva MÅ den dømde ha med seg?
Den innsette må ha med seg soningsinnkalling og godkjend legitimasjon.

Kva KAN den dømde ha med seg?
Den innsette kan ha med seg klede, toalettartiklar, barbermaskin/høvel, tannbørste. Det er ikkje tillate å ha med seg flytande og/eller brannfarlege toalettartiklar. Ein kan og ved innsetjing bringa med seg inntil 5 pakker tobakk, 5 sigarettpakker eller 5 snusdåsar i uåpna pakningar. Ein kan ha med seg 10 originale cd´ar. Har ein med private pengar blir dette sett inn på ein konto og kan nyttast til handling. Det er ikkje tillate å ta med mat, drikke, søtsakar og liknande.

Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengslet?
Hygieneartiklar leverast ut ved behov. Handkle og sengety ordnast av fengslet.

Informasjon under gjennomføring av straffa

Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet?
Den innsette kjem først i mottakinga. Her vert ein registrert, visitert og gitt ei orientering om korleis det er å sitja fengsla i Ålesund fengsel. Effektane ein har med seg vert gått gjennom, og dei effektane som ein har lov til å ha på rommet får ein utlevert. Resten vert sett på effektlageret. Innsette kjem deretter på rommet sitt der han får utlevert effektar frå fengselet. Inntakssamtalen vert tatt så fort som mogeleg, og den innsette blir orientert om kven som blir hans kontaktbetjent. Innsette vert og kalla inn til helseavdelinga i løpet av den første veka.

Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengslet?
Både doms- og varetektsinnsatte har høve til å nytta private midler og arbeidspengar (ei øvre grense på 600 kroner i veka). Ein får utlevert ei handleliste på mandag som ein fyller ut og får varene levert på tirsdag.

Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon?
Den innsette har anledning til å telefonere i inntil tjue minutter i veka. Alle private samtalar blir avlytta av fengselet og den innsette må sjølv betale for samtalene. Samtalar med advokat, ambassade o.l. Vert ikkje avlytta.
Innsette har kun moglegheit til å ringje ut, ikke motta telefonar.

Kva for skuletilbod har fengslet?
Fengslet har vidaregåande skule. Fengslet har og kurs som til dømes sveisekurs. Ein kan komme med ynskjer til skulen om forskjellige fag og kurs ein ynskjer å ta.

Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengslet?
Ålesund fengsel har eit variert arbeidstilbod. Vi har snekkerverkstad og eit mekanisk verkstad. Fleire innsette er sysselsett i reinhald, vaskeri, matutdeling m.m.

Kva for tilbod for fritida har fengslet?
Fengslet har eige trimrom med diverse treningsapparater.

Informasjon til vitjande

Kva for prosedyrar gjeld for vitjing til innsette?
Innsette må sjølv sende ut besøksskjema til dei som dei vil ha på besøk. Dei besøkande returnerer dette ferdig utfylt til fengslet. Fengslet vil da, i samarbeid med politiet, godkjenne eller avvise dei besøkande. Dette på bakgrunn av om dei besøkande er tidligare domfelte o.l. Den som søkjer om besøksløyve vil etter dette få tilsendt ein besøksløyve/avvisning pr post. Dei besøkande må alltid ha med seg løyvet og legitimasjon når dei kjem på besøk. Besøk avtales over telefon i god tid før besøket. Det er røykjeforbod på besøksrommet.

Kva er besøkstidene i fengslet?
Mandag, torsdag og fredag: 12.30-13.30. 13.45-14.45. 17.45-18.45. 19.00-20.00. Lørdag: 10.00-11.00. 11.30-12.30. 16.15-17.15. 17.30-18.30.

Kva kan den vitjande ha med seg?
Vitjande kan gi innsette: lesestoff, klede, pengar, gaver og liknande. Dei må leverast vakthavande tenestemann i fengslet for kontroll før den innsette kan motta dei. Det er ikkje lov å ha med seg mat til besøket. Ein kan kjøpe brus, sjokolade og kaffi frå automatar i fengslet.

Korleis er tilhøve for vitjing tilrettelagde for born?
Fengslet har leiker og spel for born.